Fotograf: Hallgeir Hove
Stor stemning i grendasalen, då Askeladden Friteater var på besøk i fjor haust fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mange var på plass for å få det heile med seg i fjor og det blir garantert fleire no! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Askeladden Friteater, verkeleg verdt å få med seg! fotograf Hallgeir Hove

Nytt besøk frå Askeladden Friteater!

I september 2014, hadde vi besøk av Askeladden Friteater, der dei framførte stykket "Askeladden og dei gode hjelparane". Når vi hugsar kor suverent det var den gongen, er det med glede vi no kan avsløre at vi har fått dei til å passe inn eit nytt besøk her, torsdag den 17. september!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.09.2015

Om du ikkje var blant dei som fekk med seg konseptet deira i fjor, bør du kikke nærare på det vi la ut på våre nettsider i etterkant, den gongen. Om du t.d. trur at dette berre er moro for dei yngste, må du vere snar med å tru om at. Her er det nemleg ikkje langt mellom dei artige poenga også for deg som godt vaksen.

Sjå vår reportasje frå det kjekke besøket i september i fjor. Der finn du også lenke til stort bildegalleri m.m.

Les meir om arrangementet;  ”Jeg fant—jeg fant” sa Askeladden..., på Stordal Bibliotek si nettside. 

LEGG GJERNE MERKE TIL AT OGSÅ DETTE - SOM SÅ MYKJE ANNA I BARNAS KOMMUNE -ER GRATIS!

Arrangementet er eit samarbeid mellom Barnas kommune, Stordal bibliotek og Stordalshallen og er elles også ein del av prosjektet "Biblioteket i farta".

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove