Nytt dekke i ballbingen ved Stordal skule!

Nytt dekke i ballbingen Stordal skule 2016 - Klikk for stort bildeNytt dekke i ballbingen Stordal skule 2016 Hallgeir Hove Om lag samstundes med opninga av det nye skuleåret, kom også nytt dekke på plass i ballbingen ved Stordal skule. Takka vere ny flott gåve frå Sparebanken Møre på kr 50.000, samt kr 65.000 i spelemidlar, er prosjektet fullfinansiert! 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.12.2016

Nytt dekke i ballbingen Stordal skule 2016 - Klikk for stort bilde Nytt dekke i ballbingen Stordal skule 2016 - Klikk for stort bilde Nytt dekke i ballbingen Stordal skule 2016 - Klikk for stort bilde Det er liten tvil om at det nye dekket har bidratt til at det er langt kjekkare å ta ballbingen i bruk. Denne bingen kom på plass så tidleg som i 2002 og det har skjedd mykje på kunstgrasfronten sidan den tid!

Det er Unisport Scandinavia AS som har levert dekket og det er av typen; Greenfields SlidePRO 30, sand- og gummifylt kunstgras. Også Unisport bidrog med ei gåve på kr 6.000,-.

Det høyrer også med å nemne at karane ved teknisk etat utførte framifrå innsats i samband med legginga.

Det er stas å registrere den store aktiviteten i ballbingen, etter at det nye dekket kom på plass. No står det berre att med litt utskifting av fjøler og eit strøk maling, så er ballbingen ved Stordal skule nærast så god som ny.

Også for dei mange som gjestar Stordalshallen i løpet av året, er det sjølvsagt supert at nytt dekke i ballbingen er på plass.

Stor takk til Sparebanken Møre for den flotte gåva, som gjorde dette mulig!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove