Fotograf: Hallgeir Hove
Heile den kjekke gjengen samla til fellesbilde fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Luftige svev på trampolina og imponerande klatring i veggen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Minigolf var ein av aktivitetane i den uhøgtidlege gruppekonkurransen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ei av gruppene i full gong med quiz´n i foajeen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Bygdetunet ligg like ved Stordalsallen og gruppa fekk kikke nærare på både Rosekyrkja og Løsetstova. fotograf Hallgeir Hove

Nytt kjekt besøk frå Langevåg skule

Tre 7. klasser frå Langevåg skule valgte å legge avslutningstur til Stordalshallen. Frå onsdag morgon til torsdag ettermiddag, var det stor aktivitet både i idrettshallen og elles. Dei fekk også tid til eit kjapt besøk i Rosekyrkja og Løsetstova.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 07.06.2013

Det var totalt om lag 70 deltakarar på turen og frå første stund kunne vi registrere at dette var ein suveren gjeng. Etter litt felles informasjon i grendasalen var elevane meir enn klare for å kome i gong med aktivitetar inne i idrettshallen.

No er det ikkje første gongen Stordalshallen har hatt besøk av elevar og lærarar frå Langevåg skule og ein av dei vaksne kunne fortelje at han hadde vore med også første gongen for 12 år sidan. Han var imponert over det Stordalshallen hadde å by på den gongen og ikkje mindre imponert no.

I tillegg til at Stordalshallen etterkvart har fått på plass mykje spanande utstyr, er det ikkje minst viktig å trekkje fram den jobben instruktørane legg ned. I løpet av den tre timar lange skreddarsydde økta onsdagskvelden, fekk elevane i tur og orden vere med på: klatring, trampoline, team-track og basketball. I tillegg var det lagt opp til uhøgtidleg, gruppevis konkurranse i quiz, minigolf og presisjonskast. Dei 65 elevane var inndelt i seks grupper og fekk då 30 minutt på kvar stasjon.

Instruktørane som var med på å gjere kvelden så innhaldsrik for elevane, var: Eli Søvik, Lottie Eisma og Kjell Mulelid i klatreveggen, medan Steffen Staurset tok hand om instruksjonen på konkurransetrampolina. I tillegg var også lærarane og dei andre vaksne som var med, også flinke til å bidra undervegs båd i høve til quiz, minigolf og presisjonskastinga.

Både før og etter desse 3 timane, vart det lagt opp til ei rad aktivitetar der den som ville også kunne teste skuddferdigheitene sine ved hjelp av skuddlaseren, dei spela bordtennis og mykje, mykje meir. 

Etter første økta med aktivitet på onsdagen og påfyljande lunsj i grendasalen, gjekk turen til Stordal Bygdetun og ei kjapp omvisning i Rosekyrkja og i Løsetstova.

I tillegg til dei mange timane med aktivitet, er sjølvsagt det sosiale særs viktig på ein slik tur og vi sit att med eit bestemt inntrykk av at både elevane og dei vaksne hadde hatt eit flott opphald. Vi likte også veldig godt opplegget dei kalla "hemmeleg venn", der tanken er at ein skal vere ekstra kjekk og grei med ein av dei andre elevane og då slik at denne mot slutten av opphaldet. No var rett nok alle så kjekke og greie med kvarandre at det ikkje var like lett å finne ut kven den hemmelege vennen var, men supert opplegg var det uansett! 

For fleire bilder frå Langevåg skule sitt besøk, viser vi til Stordalshallen sitt bildegalleri 2013. (legg gjerne merke til at vi har tilsvarande galleri også frå tidlegare år)

Fyl oss gjerne også på facebook!

Då står det berre att å takke for nok eit hyggeleg besøk frå Langevåg skule og ynskje alle saman lukke til på ungdomssteget og sjølvsagt ynskje alle saman ein vel fortjent sommarferie! 

Om du har lyst til å ta eit tilbakeblikk på tidlegare besøk frå Langevåg, kan desse lenkene vere kjekke:

Langevåg skule på besøk, juni 2006

Langevåg skulekorps på besøk, oktober 2006

Langevåg handball på besøk, august 2012

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove