Nytt, kjekt konfirmanttreff

Konfirmanttreff 2017 - Klikk for stort bildeKonfirmanttreff 2017 Hallgeir Hove

Laurdag den 30. september var det klart for nok eit nytt konfirmanttreff og det vart då det tredje i rekkja, etter at det var liknande opplegg både i 2015 og i 2016. Også denne gongen var det ungdom frå Skodje, Ørskog og Stordal med, totalt ca 60. I tillegg til Stordalshallen, vart også skulen teken i bruk og det vart gjennomført eit tettpakka program frå kl 12.00 og fram til kl 17.00.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.10.2017

Konfirmanttreff 2017 - Klikk for stort bildeKonfirmanttreff 2017 Hallgeir Hove

Hovudansvarleg for opplegget, kateket Olav Rønneberg, ynskte alle velkomen i grendasalen, presenterte alle dei som skulle vere med og gjekk gjennom dagens program.

Så fekk alle høyre meir om den kjekke englandsturen nokre av konfirmantane i fjor hadde vore med på. Det vart vist fram bilder og film frå turen og nokre av deltakarane fortalte litt om korleis dei hadde hatt det. Det var tydelegvis noko dei anbefalte andre også å vere med på.

Etter at Olav hadde orientert litt til, var det klart for å kome i gong med dei ulike gruppeaktivitetane, men først sjølvsagt fellesbilde.  

Om lag midtvegs vart det servert nygrilla karbonadar, der dugande foreldre, med m.a. Bjørg og Elin i spissen, sytte for tilbereding og servering.

Etter tilbakemeldingane virka det som at også årets konfirmanttreff vart vellukka. Liten tvil om at vi har ein suveren ungdom i bygdene våra.

Om du vil, kan du ta eit tilbakeblikk på dei to første konfirmanttreffa her:

2015     2016

Vi ynskjer med dette også årets konfirmantar lykke til vidare!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove