Nytt kurs i klassisk yoga

Merete Myklebust vil også denne hausten køyre i gong yoga-kurs. Det nye kurset i klassisk yoga startar opp i Stordalshallen (grendasalen), måndag 8. september kl. 18.00 - 19.30. Om du vil vere med, er det viktig å vere om seg, og melde seg på no.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 18.08.2014
Fotograf: Privat
Merete Myklebust - Yogakurs fotograf Privat

Merete Myklebust driv, som kjent Merete's Zen Garden i Valldal, men køyrer også kurs m.a. både i Stordal og i Stranda kommune.

Etter å ha køyrt liknande kurs her tidlegare (både hausten 2013 og vinteren 2014), kan vi slå fast at dette verkeleg er blitt godt motteke. Yoga er godt for m.a. muskulatur, spenningsbalanse og stressmeistring. Merete fortel til oss, at det blir fokus på yogastillingar, pusteteknikkar og avspenning/meditasjon. Vidare er det klart at kurset vil passe både for de som har litt erfaring samt nye som ønskjer starte med yoga. Til meir ein gjer yoga vil ein oppdage noko nytt ved dei enkelte yogastillingane, asanas, eller seg sjølv og kroppen. Derfor er yoga aldri det same kvar gong, ein lyttar til kroppen og dagsforma og tek det derifrå.

Gamle som nye deltakarar er hjertleg velkomen. Kurset blir på 8 gongar og kostar kr. 1350,-. (Her er datoane denne hausten: 8/9, 15/9, 29/9, 6/10, 13/10, 20/10, 27/10 og 3/11)

Om du kjenner nokon som har lyst å prøve ein gong før dei bestemmer seg kan dei kome den 08.02 på drop-in for kr. 180,- .

Påmelding til Merete, på mail post@mereteszengarden.no eller tlf. 90570674.

Sjå plakat som pdf, nedst på sida.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove