Fotograf: Remi Sagen, NRK Møre og Romsdal
Delte meiningar om kva Stordal bør gjere fotograf Remi Sagen, NRK Møre og Romsdal
Fotograf: Hallgeir Hove
I Stordalshallen fekk NRK høve til å treffe elevar i 7. klasse fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Kroppsøvingslærar Christian Holstad Lilleng byrjar bli vand med å få reportasjeteam på besøk fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Tore Ellingsæter i samtale med Lone fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Han ville gjerne vite kva ho synest om å vekse opp i Stordal fotograf Hallgeir Hove

Nytt NRK-besøk!

NRK Møre og Romsdal hadde bestemt seg for å legge turen til Stordal i går. Målet var å lodde stemninga i høve prosessen kring kommunereforma. I løpet av opphaldet fekk dei prata med mange og dei var også innom Stordalshallen der dei m.a. fekk treffe elevane i 7. klasse.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.02.2016

Under opphaldet fekk dei prata med mange og det kom fram at meiningane er fleire og delte i spørsmålet om kva val Stordal kommune bør ta. Det var reportar Tore Ellingsæter, i lag med fotograf Remi Sagen, som laga reportasjen og innslaget gjekk på lokalsendinga til NRK Møre og Romsdal kl 18.45 i går.

Utanfor omsorgsboligane ved Stordalstunet, fekk dei intervjua Asbjørg Ringmo og inne på tunet slo dei av ein prat med Audun Solem, som er kokk der.

Dei kom relativt brått på dei spreke damene som var ute på spasertur i regi av Mental Helse (les meir om den artige opplevinga på Mental Helse si facebookside)

I Stordalshallen var det 7. klasse som hadde kroppsøving og lærar Christian Holstad Lilleng byrjar bli vand med å få filmteam på besøk. Nyleg var det Sunnmørsposten som var innom og laga reportasje om eit konsept der han knyter matematikkundervisninga og kroppsøving saman. Ellingsæter ville vite meir om korleis det var å vekse opp i Stordal og det kunne Lone Lorgen Øvrebust fortelje meir om. 

Kulturkonsulent og dagleg for Stordalshallen vart også intervjua og fekk mellom anna høve til å fortelje meir om Barnas kommune, om dugnadsånda, den politiske viljen til å satse på kultur og idrett, og om det lokale næringslivet som støttar opp. Han var vidare oppteken av å få fram at Stordal har mange dugande unge, som er stolte av å vekse opp her. Aktivitetstilboda er mange der ikkje minst dei flotte idrettsanlegga opnar unike muligheiter. Den store aktiviteten ved frivilligsentralen vart også trekt fram, det same for den flotte ungdomsklubben. Det vart vidare peika på at det er mange også frå nabobygdene som kjem hit for å ta del i det rike idretts-og kulturlivet her. Laga og organisasjonane er mange og bidreg til at det slett ikkje berre er for dei unge det er bra i Stordal. Det aktive og levande biblioteket, den flotte skulen og satsinga i Øvre Stordal vart det også fokusert på. Ikkje minst også den optimismen vi opplever innan lokalt næringsliv, der m.a. også Vekstkommuneprosjektet har gitt gode resultat, var det kjekt å kunne trekkje fram. Stordal kommune har motteke mange utmerkingar dei siste åra og også det måtte sjølvsagt nemnast. Sist, men ikkje minst vart det også høve til å fortelje meir om den store aktiviteten i og omkring Stordalshallen. At NRK sin reportar let seg imponere, var det liten tvil om.    

Sjå reportasjen på nettsida til NRK Møre og Romsdal

Sjå fjernsynssendinga på NRK Møre og Romsdal (måndag 8. februar 2016)


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove