Fotograf: Hallgeir Hove
Deltakarane håper det ikkje går lang tid før Magnus kjem på nytt besøk! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ikkje noko å seie på viljen til å lære seg nye dansesteg fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Litt info til den eldste gjengen, før oppstart fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det var verkeleg imponerande å sjå kor mykje deltakarane lærte i løpet av dei to kveldane fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
At Magnus meistrar det meste innan dans, fekk vi også denne gongen døme på. Skikkeleg inspirerande! fotograf Hallgeir Hove

Nytt suverent dansekurs!

På måndag og tysdag, denne veka, var Magnus Emaka Einang på plass att og held dansekurs for barn og unge her i Stordal. Opplegget inngjekk som eitt av mange flotte tilbod under Barnas Supersommar og dei om lag 30 som var med hadde det skikkeleg kjekt og lærte mykje.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.08.2014

30 born og unge var med på dansekurset til Magnus Emaka Einang denne veka og det er liten tvil i at dei verkeleg hadde det gøy. Til liks med opplegga tidlegare år, var det også denne gongen særs lærerikt. Det vart køyrt to økter, der dei yngste var i aksjon først og dei litt eldre etterpå. Mot slutten av øktene, begge kveldane, synte Magnus også fram eigne kunstar, slik vi verkeleg fekk sjå kva for ein eminent dansar han er. Strålande!

Om du har lyst og elles har høve til det, kan du finne endå fleire bilder frå dansekurset denne veka, på Stordalshallen si facebookside. 

Les gjerne våre reportasjar frå tidlegare besøk og dei flotte dansekursa den gongen.

Dette er tredje gongen vi er så heldige å ha Einang på besøk og voneleg vert det ikkje den siste.

Du kan også få med deg meir om Magnus, m.a. på facebooksida hans kalla Foreign Footworks. Der skriv han fyljande, i samband med besøket denne gongen:

"I will be very honest: There will be times where you don't feel like it, where you don't know if you will be able to serve your purpose as good as you want it to be. I had a day like that today, HOWEVER I learned a very important lesson: Not only do you have to remember why you started, but also see WHO you affect with your passion! Today was day one of the Kids workshop at Stordalshallen and seeing how talented these young souls were, motivated me straight away. Thank you for being such beautiful lights! It fills my spirit :)" 

På vegne av alle som fekk gleda av å ta del, kan vi love at takksemda er gjensidig!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove