Nytt vellukka konfirmanttreff i Stordalshallen

Konfirmanttreff 1. oktober 2016 - Klikk for stort bildeKonfirmanttreff 1. oktober 2016 Hallgeir Hove Laurdag 1. oktober var konfirmantane i Skodje, Ørskog og Stordal, på plass i Stordalshallen og då for å gjennomføre årets konfirmanttreff der. I tillegg til alt det som skjedde i Stordalshallen, vart også skulen teken i bruk med ulike aktivitetar der og.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.10.2016

Konfirmanttreff 1. oktober 2016 - Klikk for stort bildeKonfirmanttreff 1. oktober 2016 Hallgeir Hove Konfirmanttreff 1. oktober 2016 - Klikk for stort bildeKonfirmanttreff 1. oktober 2016 Hallgeir Hove Konfirmanttreff 1. oktober 2016 - Klikk for stort bildeKonfirmanttreff 1. oktober 2016 Hallgeir Hove Konfirmanttreff 1. oktober 2016 - Klikk for stort bildeKonfirmanttreff 1. oktober 2016 Hallgeir Hove Dei omlag 75 konfirmantane fekk ein god start på konfirmantåret, med både undervisning og kjekke aktivitetar. Det vart ein skikkeleg "kick-start", i fylje kateket Olav Rønneberg .

Det var undervisning frå misjonsorganisasjonane som sokna samarbeider med; Israelsmisjonen, Misjonsselskapet (NMS) og Himalpartner, der var aktivitetar og sjølvsagt ei matøkt i mellom.

Rønneberg var takksam overfor Stordalshallen, klatreinstruktør Kjell Mulelid, Stordal skule, misjonsorganisasjonane og KRIK frå Skodje, og ikkje minst føresette til eit kjekt konfirmantkull. Han var ikkje minst også glad for den hjelpa nokre ungdomar frå konfirmantkullet i fjor bidrog med, som sikrarar i klatreveggen i lag med Mulelid. Dette var Helene Vinje Øvrebust, Sarah Øvrebust Hjelmseth, Marte Ekroll Hove og Jørgen Larsen Stavseng.

Sokneprest Per Inge leia konfirmantane til slutt gjennom lysglobeliturgien, før alle drog kvar til sitt ca kl 17.00. 

For fleire bilder frå det kjekke konfirmanttreffet, viser vi til eige bildegalleri på Stordalshallen si facebookside.

Sjå gjerne også bildegalleriet frå konfirmasjonstreffet i 2015.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove