Fotograf: Bjørg Jacobsen
Bandet Kjeft frå Sula entra scena først fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Joakim Helgesen, vokalist i Endgame, i kjent stil fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Endgame på scena fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Poseidon frå Ørskog fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
DJ Aunét fekk også opp stemninga fotograf Bjørg Jacobsen

Nytt vellukka Stordalstrøkk i hamn!

Stordalstrøkk vart sist helg arrangert for sjuande gong i Stordalshallen - og denne gongen med minst like mykje trøkk som tidlegare - i tillegg til eit spektakulært lysarrangement.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 31.10.2013

Frå scena fekk publikum oppleve banda "Kjeft" frå Sula, "Poseidon" frå Ørskog og "Endgame" med medlemmar frå Stordal, Norddal og Stranda. I tillegg stilte arrangørane, Stordal ungdomsklubb, med sin eigen DJ Au'net (Henrik Aunet Innselset) som sytte for at desibelen steig til nye høgder i Stordalshallen.

At det er mange talentfulle og dyktige ungdommar i musikkmiljøet i distriktet, er det liten tvil i, etter flotte sceneframføringar av både band og DJ utover laurdagskvelden. Stordalshallen har ei flott scene, denne gongen vart ho bygd ekstra stor i høve jubileumskonserten til Stordal skulekorps, samt trosserigg og scenetepper som gjer at lokalet får eit skikkelg profft utsjåande. Ungdomsklubben hadde i tillegg til sitt eige lysutstyr også leigd inn lyseffektar, noko som gjorde at det var ei flott ramme rundt det heile. Heile arrangmentet sett under eitt har fått berre positive tilbakemeldingar frå dei om lag 80 betalande som var tilstades.

Alt fredag var den første dugnadsgjengen beståande av foreldre og ungdom i sving for å gjere klart til arrangementet. Både tilrigging og rydding vart gjort i eit samarbeid med Stordal skulekorps, som hadde sin jubileumskonsert på søndag. Laurdagskvelden stilte foreldregruppa opp både som vaktkorps og i kiosken. Også ungdommane var med på opprydding etter arrangementslutt. Utan hjelpa frå velvillige foreldre ville det ikkje vore mulig for ungdomsklubben å arrangere Stordalstrøkk, så på vegne av ungdommane seier vi tusen, tusen takk til foreldra som møtte opp!

Sjå flott reportasje frå Stordalstrøkk i siste utgåve av Storfjordnytt. Fleire flotte bilder også der. På nettsida til avisa finn du også eigen reportasje frå den kjekke laurdagskvelden i Stordalshallen.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove