Fotograf: Stordal ungdomsklubb
Ikkje noko å seie på effektane! fotograf Stordal ungdomsklubb
Fotograf: Stordal ungdomsklubb
Mange som nytta dansegolvet fotograf Stordal ungdomsklubb
Fotograf: Stordal ungdomsklubb
Strobelys kan vere rett så skarpt fotograf Stordal ungdomsklubb
Fotograf: Stordal ungdomsklubb
Joakim og David i aksjon (lyd og lys) fotograf Stordal ungdomsklubb
Fotograf: Stordal ungdomsklubb
Henrik Aunet Innselset = DJ Au'net fotograf Stordal ungdomsklubb

Nytt vellukka trøkk!

Laurdag 27. oktober gjekk den 6. utgåva av Stordalstrøkk av stabelen. Arrangørane hjå Stordal ungdomsklubb har all grunn til å vere nøgd med innsatsen og deltakinga var god også denne gongen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.11.2012

Dei siste åra er det idrettshallen som har vore nytta til arrangementet, men denne gongen valgte ein å rigge til i grendasalen. Det skulle vise seg å fungere rett så bra og mange peika på at det heile var langt meir intimt og koseleg.

Arrangørane, med god hjelp av foreldregruppa hadde brukt mykje tid på å pynte og elles rigge til med lyd- og lysutstyr kvelden i førevegen. Dei om lag 80 ungdomane såg ut til å storkose seg med god musikk presentert av DJ Au'net og det var rett så folksamt ute på dansegolvet.

I tillegg til diskoteket, vart det lagt opp til konkurransar, opa scene m.m. Her kan du t.d. sjå framføringa til tre av dei ein fekk oppleve på scena.

Alt i alt, eit nytt flott Stordalstrøkk i regi av Stordal ungdomsklubb.

Sjå eigen reportasje på Storfjordnytt si heimeside.

Les også vår førehandsreportasje for meir. Der finn du sjølvsagt også linkar til reportasjane frå tidlegare års arrangement.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove