Fotograf: Hallgeir Hove
Framtidskveld 3 mai - Rune Sjåholm syner kva idretten betyr fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ole Johan, Palma, Erika, Helga, Evy og Lars er sett i arbeid og Rune Sjåholm fyl interessert med fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Bjørn Ove, Frank, Torill, Harry, Ole og ordførar Charles Tøsse fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Solveig, Gunvor, Kristen, Bjørg, Gerd, Håvard, Alfhild og Torill fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Jonas, Mats Rune, Helga, Jarl Anders og Bjørg fotograf Hallgeir Hove

Nyttig framtidskveld

Framtidskvelden i regi av Møre og Romsdal idrettskrets sist tysdag, vart vellukka. Nærare 30 personar deltok og det var bra spredning med tanke på organisasjonstilhøyrigheit, alder og interesser.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.05.2012

Det var ordførar Charles Tøsse som opna framtidskvelden med å ynskje velkomen til dei frammøtte og sjølvsagt til organisasjonssjef Rune Sjåholm frå idrettskretsen. Han orienterte også om det foreståande planarbeidet som kommunen no har vedteke skal igongsetjast, før han gav ordet til Sjåholm.

Om det var nokon som tvilte på kva enorm betydning idretten og organisasjonslivet (eller rett og slett frivilligheita) har i samfunnet vårt, før Sjåholm si innleiing, var det truleg ingen som gjorde det etterpå! Han peika mellom anna på at det berre for idretten i Stordal er ein frivillig produksjon som utgjer nærare 3 million kroner. Sjåholm slo også fast at det for kvar krone kommunen løyver til idretten, får ein sju kroner att! Vidare la han fram tall som synte at idretten i Stordal har ei medlemstilslutning, langt større enn både landsgjennomsnittet og i Møre og Romsdal. Når ein så veit kor stor aktivitet det er i mange av dei andre laga og organisasjonane i kommunen vår, vert dette ytterlegare eineståande! Så var det klart for å køyre i gong prosessen.

Saman med Sjåholm var også Sindre Wiik på plass. Han er student ved Høgskulen i Molde. Forsamlinga vart delt inn i grupper og vart i tur og orden bedne om å ta føre seg viktige sider ved det som har med idrett, fysisk aktivitet og frivilligheit. Resultatet av det kvar gruppe kom fram til, vart så presentert i plenum. På denne måten kome det fram mange innspel og i tillegg fekk ein ei stadfesting på at mykje alt fungerer bra i Stordal.

Framtidskveld, eller oppstartmøte (som ein også kan kalle det) er ein prosess som idrettskretsen har køyrd rundt om i kommunane heilt sidan november 2000, og det er liten tvil i at dette er særs nyttig. Eitt av måla med ein slik kveld er å finne ut både kva som fungerer bra og kvar ein kan verte betre. Dermed vil det som kjem fram i løpet av prosessen vere til stor nytte, når ein skal sjå framover.

Stordal kommune har vedteke at arbeidet med å revidere plan for idrett og fysisk aktivitet, skal setjast i gong og samstundes skal det også lagast ein eigen frivilligplan. Møtet sist torsdag markerte dermed også oppstarten på dette arbeidet. Skal slike planar verte best mulige, er det sjølvsagt avgjerande at flest mulig vert med i prosessen og ein vil difor legge stor vekt på nettopp dette med medverknad. Framtidskvelden er ein måte å oppnå dette på og i etterkant vil no idrettskretsen samanfatte det som kom fram denne kvelden og lage til ein rapport som vi vil få i hende.

I tillegg til dette skal det sjølvsagt også opnast opp for innspel til planane og dei skal leggjast ut til offentleg høyring, før endeleg politisk vedtak vert fatta. Vi kjem attende med fleire detaljar om denne prosessen etterkvart og sjølvsagt vil vi presentere resultatet/rapporten når vi får inn denne.

Stor takk både til Møre og Romsdal idrettskrets og dei mange som sette av tid til å vere med på framtidskvelden! No er vi i gong!


Sjå gjerne også førehandsreportasjane våre

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove