Obligatorisk brukarmøte tysdag 4. desember

Brukarmøte 2012 - opplæring i bruk av hjertestartar II - Klikk for stort bildeBrukarmøte 2012 - opplæring i bruk av hjertestartar II Hallgeir Hove

Stordalshallen runda 20 år i fjor og det er vanskeleg å sjå føre seg lokalsamfunnet vårt utan denne storstova vår. Av mange rosande ord utanfrå, i tillegg til at den er så rikt utrusta og at det skjer så mykje her, høyrer vi også stadig at den er så godt helden ved like. Viktigheita av dei regelmessige brukarmøta, skal ein ikkje undervurdere i så måte. No er det klart for eit nytt møte og då vil ein også friske opp i høve bruken av hjertestartar og livreddande førstehjelp.     

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.11.2018

Brukarmøte og brannøving hausten 2016 - Klikk for stort bildeBrukarmøte og brannøving hausten 2016 Hallgeir Hove Brukarmøte og brannøving hausten 2016 - Klikk for stort bildeBrukarmøte og brannøving hausten 2016 Hallgeir Hove

Til og med 2010, vart det køyrd slikt brukarmøte kvar haust. Men i og med at brukargruppene stort sett er dei same frå år til år og møtedeltakarane sin kjennskap til ein del av det som vart gjennomgått på møta var god, kom ein til at det var teneleg med møte annankvar haust.

Her er eit tilbakeblikk på møta etter 2010:

Sist brukarmøte vart gjennomført i hausten 2016 og då også med innlagt brannøving 

Hausten 2014 var det også innlagt brannøving i samband med brukarmøtet

Hausten 2012 var det - slik planen er i år og - gjennomgong i bruken av hjertestartaren

No er ikkje dette einaste gongen vi har helde kurs i bruken av hjertestartaren sjølvsagt. I juni 2015, deltok 18 personar på eit slikt kurs. I oktober 2012 fekk 19 personar delta på liknande kurs og også i samband med utplasseringa året før, var det 10 personar som gjennomgjekk kurs på 4 timar.

Når vi omtalar hjertestartaren i Stordalshallen - og også alle desse kursa i bruken av denne - er det viktig for oss å framheve Stordal Helselag. Ikkje berre spela laget ei sentral rolle då dette utstyret kom på plass; laget løyvde den gongen kr 23.500,- og saman med kr 14.000 frå Indre Sunnmøre Gjensidige, var dette med på finansiere utstyret.

Når vi no på ny får besøk av Ronald Båtnes frå Simcare i Ålesund, er det Stordal Helselag som også denne gongen dekkjer kostnadane. I tillegg er det også helselaget som dekkjer kostnadar knytt til å skifte batteri, pads o.l.

 

OBLIGATORISK MØTE

Når vi først arrangerer eit slikt møte for brukargruppene er det berre nøydd til å vere slik at det er obligatorisk. I dette ligg det at det vert forventa at alle gruppene som nyttar Stordalshallen fast/reglemessig (i løpet av året) stiller med minst ein representant. Skulle det då vere slik at den som skal representere gruppa vert forhindra i siste liten, ja så må det vere nokon annan som stiller i staden. Det kan heller ikkje vere slik at ein og same personen stiller på vegne av to eller fleire brukargrupper.

Hovudtema for møtet blir - som ein forstår - bruken av hjertestartaren. Å bruke tid på å argumentere for viktigheita av det, er unødvendig. Men så er vi naturlegvis også forplikta til å halde alle som brukar Stordalshallen oppdaterte på dette som gjeld branninstruks og anna som er vesentleg for tryggleiken. Før sjølve kurset til Båtnes frå Simcare, vil vi difor gjennomgå dette og eg er viss på at eg har mange med meg, når eg hevdar at det er viktig at alle brukarane er samla slik som dette og minnar kvarandre på kor viktig det er at ALLE fyl instruksane som gjeld og at vi skjerpar oss på dei områda det måtte vere naudsynt.

 

Med utgangspunkt i oversikta over trenings- og øvingstidene i Stordalshallen vil fyljande brukargrupper bli kalla inn til møte tysdag 4. desember med oppstart kl 18.30:

Stordal skule
Andershaugen barnehage
Stordal IL, fotballgruppa - G 9
Stordal IL, fotballgruppa - G 11
Stordal IL, fotballgruppa - G 14
Stordal IL, fotballgruppa - senior herrer
Stordal IL, fotballgruppa - J 10
Stordal IL, fotballgruppa - J 13
Stordal IL, fotballgruppa - J 16
Stordal IL, fotballgruppa - senior damer
Storfjord NTN Taekwondo
Stordal IL, barneidrettsgruppa
Big Valley Voices
Stordal og Liabygda pensjonistlag
Stordal Folkedanslag
Stordal Skulekorps
Stordal Hornmusikklag
Stordal Skyttarlag

Ein ber om at gruppene melder tilbake i høve til kven det er som stiller på vegne av gruppa på det obligatoriske møtet. Slik tilbakmelding vil vi ha så snart råd er og seinast tysdag den 27. november.


Møteplan:

Kl 18.30 - 19.00 Gjennomgong av instruksar
Kl 19.00 - 21.00 Livreddande førstehjelp og repetisjon i bruk av hjertestartar

Det blir enkel servering.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove