Ein minner om at Oddgeir Bruaset kjem til Stordalshallen i morgon, i samband med markeringa av Den internasjonale eldredagen. Han vil då fortelje og vise bilder frå den siste boka si i den populære serien; "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu".
Det er ikkje fyrste gongen Oddgeir Bruaset har vore på besøk her hjå oss (anten det no er i Stordalshallen eller ved Stordalstunet), og like kjekt er det kvar gong. Her er reportasje frå då han kåserte i 2008. (Då med boka "Arven")
Det er Stordal eldreråd som står som arrangør og i tillegg til møtet med Bruaset, er det mykje anna spanande på programmet. Sjå gjerne tidlegare førehandsreportasje for meir.
Merk dykk elles at markeringa startar kl 13.30!
Ta deg gjerne også eit tilbakeblikk på dei flotte arrangementa tidlegare år:
Eldredagen 2006
Eldredagen 2009
Eldredagen 2010
Eldredagen 2011