Stordalshallen er ein særs populær og mykje besøkt hall, der det er tilrettelagt for allsidige idretts- og kulturaktivitetar. Vi tilbyr ”skreddarsydde” opplegg der ein m.a. kan få instruksjon i klatring, skyting og trampolinehopping.
Om ein vel å kombinere dette med opplevingar ute i det fri, på dagtid, har ein her eit konsept som garantert vil verte ein suksess for alle grupperingar. Stadig fleire skular, idrettslag og bedrifter på sosiale turar, vitjar Stordalshallen og dei kjem att år etter år!
Stordalshallen vert vidare mykje nytta til tilstellingar som t.d. bryllaup, konfirmasjon, barnedåp og jubileumsfeiringar.
Den er vidare godt eigna til større arrangement, som t.d. messer, dansegallaer (plass til over 1000 personar) og fylkesmønstringar (oppdekking til over 500 personar)
Hallen stod ferdig i januar 1997, etter eit imponerande samarbeidsprosjekt mellom lag og organisasjonar, næringsliv, einskildpersonar og kommune/fylkeskommune. Stordalshallen ligg sentralt til ved Stordal skule/Kirkebø stadion, om lag 2 km frå Stordal sentrum.
Sjå brosjyra vår nederst!