Ørskog Angels Cheerleading på plass igjen!

Ørskog Angels Cheerleading - Angels Unique, PeeWee - Klikk for stort bildeØrskog Angels Cheerleading - Angels Unique, PeeWee Ørskog Angels Cheerleading Ørskog Angels Cheerleading opplever enorm interesse for tida. Det meste av treningar går sjølvsagt føre seg i Ørskoghallen, men av og til legg dei også turen hit til oss, ikkje minst for å køyre turnøving på vår 15 meter lange team-track.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 27.10.2016

Sist søndag var gjengen på plass og då slik at dei køyrde dei eldste for seg og dei yngste for seg. Totalt vart det aktivitet frå kl 11.00 på føremiddagen og fram til kl 15.00. Då stod drilljentene frå Åse Skolekorps klare til å overta.

Ørskog Angels Cheerleading har ei flott facebookside og vi lånte bilde dei hadde lagt ut der i denne reportasjen. Vi vil gjerne også dele ein flott filmsnutt som André Stavseng har laga i samband med ei økt han køyrde med gruppa i Stordalshallen i april i år.

Sjå gjerne også reportasjen vår frå november i fjor, då englane også var på besøk.

No er det sjølvsagt flest ørskogbygdarar med på dette flotte tilbodet, men stadig fleire også frå Stordal har kome med etterkvart. To av dei som har vore med lengst, er Paula Løset Skodjereite og Hester Devieze.

Vi ynskjer utøvarane lykke til med komande konkurransar og seier velkomen attende til Stordalshallen!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove