Ørskog Angels på ny visitt

Ørskog Angels 6. januar 2019 - Klikk for stort bildeØrskog Angels 6. januar 2019 Hallgeir Hove

I går hadde vi på ny gleda av å ha desse dyktige cheerleading-utøvarane på besøk i Stordalshallen. Også denne gongen var det øvingar på teamtrack´n som stod i fokus og fordelt på to grupper, der dei yngste var i sving først, vart det nærare 5 timar totalt denne gongen. Ørskog Angels Cheerleading opplever enorm interesse og totalt tel dei no over 100 medlemmar.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 07.01.2019

Ørskog Angels 6. januar 2019 - Klikk for stort bildeØrskog Angels 6. januar 2019 Hallgeir Hove Ørskog Angels 6. januar 2019 - Klikk for stort bildeØrskog Angels 6. januar 2019 Hallgeir Hove Ørskog Angels 6. januar 2019 - Klikk for stort bildeØrskog Angels 6. januar 2019 Hallgeir Hove Ørskog Angels 6. januar 2019 - Klikk for stort bildeØrskog Angels 6. januar 2019 Hallgeir Hove

Då vi var innom, var det dei eldste som var i sving og lat det ikkje vere noko som helst tvil om at jentene held høgt nivå også med tanke på det dei utførte av moment på teamtrack´n. Dette apparatet, som vi faktisk har hatt gleda over å kunne bruke i over 10 år no, er naturlegvis ypperleg også med tanke på innlæring av nye moment som ein seinare kan overføre til matte.

I tillegg til bilda her, viser vi også til eige galleri på Stordalshallen si facebookside

Sjå også Ørskog Angels Cheerleading si facebookside, for meir om alt det denne supre gjengen held på med

Komande helg er det klart for det årlege Januar-showet deira og siste helga i januar skal dei delta på Winter Open i Drammen. Der tek dei mål av seg til å kvalifisere seg til NM.

For oss er det naturlegvis stas at også øving i Stordalshallen inngår som ein del av dei viktige førebuingane deira inn mot NM-kvalifiseringa.

Sjå også våre tidlegare reportasjar om besøk frå Ørskog Angels

Sjå gjerne også reportasjane vi har laga om Spjelkavik Drillklubb, ei anna gruppe som prikkar inn toppforma ved å legge opp til samlingar i Stordalshallen.

Vi takkar for eit nytt triveleg besøk og ynskjer lykke til både i Drammen og det som elles skal skje framover!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove