Ørskog skulekorps med aktivitetsopplegg, laurdag 22. april

Ørskog skulekorps april 2017 - super gjeng! - Klikk for stort bildeØrskog skulekorps april 2017 - super gjeng! Hallgeir Hove

Sist laurdag var det Ørskog skulekorps som var på besøk. Dei la opp til marsjtrening og aktivitetsopplegg her hjå oss, som ein del av programmet på øvingshelga si.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.04.2017

Ørskog skulekorps april 2017 - pyramide - Klikk for stort bildeØrskog skulekorps april 2017 - pyramide Hallgeir Hove Ørskog skulekorps april 2017 - Lars Johan og Harry instruerer - Klikk for stort bildeØrskog skulekorps april 2017 - Lars Johan og Harry instruerer Hallgeir Hove Ørskog skulekorps april 2017 - minigolf var ein del av konkurransen - Klikk for stort bildeØrskog skulekorps april 2017 - minigolf var ein del av konkurransen Hallgeir Hove Ørskog skulekorps april 2017 - gruppa som gjekk til topps i konkurransen - Klikk for stort bildeØrskog skulekorps april 2017 - gruppa som gjekk til topps i konkurransen Hallgeir Hove

No hadde nok den flotte gjengen gjerne gjennomført heile øvingshelga si her hjå oss, men i og med at det er så mykje som skjer (m.a. helselagsbasar på fredagen), vart det berre dagstur denne gongen.

Dei 22 supre musikantane øvde først marsjering omlag ein time, under leiing av Bjørn Vidhammer. Så var det aktivitetsopplegg som stod for tur. Med Lars Johan Nygård og Harry Tøsse på plass på skytebana og mange ulike aktivitetar i hallen i tillegg, vart dette rett så kjekt. Gruppekonkurranse i skyting, minigolf og presisjonskasting, stod på programmet. I tillegg; skuddlaser, team-track, badminton, bordtennis m.m.

Det var som nemnt ein flott gjeng dette her, der også dei vaksne som var med, bidrog til at dette vart skikkeleg kjekt. Etter det vi forstår hadde Magne på Joker også nysteikt pizza klar til gjengen skulle vidare til Ørskogfjellet og til felles overnatting der. Sikkert ikkje så verst det heller. Etter det vi forstår vart det eit vellukka opphald også på Ørskogfjellet.

Vi takkar for hyggeleg besøk og føler oss viss på at det er mange som kan gle seg til å få oppleve denne gjengen både når det gjeld marsjering og speling framover. :)

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove