Oversikt over trenings- og øvingstider

Når vi no er godt i gong med det nye året, er det på tide å presentere trenings- og øvingstider, samt opningstider elles, knytt til aktivitetar/tilbod innan kultur og idrett.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 26.01.2011

Mange av disse tidene er nok ikkje endra sidan sist oversikt. For Stordalshallen sin del er det nok også slik at fleire treningstider vil kome på plass med det aller først, men likevel presenterer vi ei oversikt no.

Dette er naturlegvis ei tid då det er stor aktivitet hjå dei flotte skianlegga i kommunen vår. For å få oversikt over opningstidene der og treningar/aktivitetar elles, viser ein til desse heimesidene: Stordal IL og Arena Overøye

I tillegg til desse faste aktivitetane, frå veke til veke, skjer det også mykje anna. Mykje av dette vil du kunne finne i kulturkalenderen vår og elles i form av førehandsreportasjar både her og på andre heimesider.

Sjå lenke til oversikta over trenings- og øvingstider, nedanfor.

Når det gjeld treningar/øvingar i Stordalshallen, vil ein del verte påverka av at det er stor aktivitet også elles der. Dette kan vere arrangement av ulikt slag, samt at Stordalshallen ofte har besøk av grupper utanfrå. Dermed vil ein del treningar/øvingar måtte gå ut. Nedenfor presenterer vi difor også ei oversikt over dette. 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove