Øvrebust til topps i Grendacupen

Grendacup 2015 - Øvrebust  - Klikk for stort bilde

Øvrebust gjekk av med sigeren i den 20. utgåva av Grendacupen. Det var god oppslutning også på turneringa for dei yngste og Nejaføringane - som var arrangør denne gongen - fortener ros for vel gjennomført.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 28.12.2016
Grendacup 2015 - Øvrebust - Klikk for stort bilde Grendacup 2015 - Klikk for stort bilde Grendacup 2015 - Klikk for stort bilde Grendacup 2015  - Klikk for stort bilde

Øvrebust gjekk altså av med sigeren i den 20. utgåva av Grendacup. Men det måtte to rundar med "sudden death" til, før dei klarte å slå Nejaføringane i finalen.

Det var Jørgen Vinje Tøsse som vart matchvinnar, eit stykke ut i 2. ekstraomgong etter at han vart fint spela gjennom av Kjetil Holand Tøsse. Det var også Øvrebust som tok leiinga tidleg i finalen, etter ei kjempflott scoring av Andrea Vinje Tøsse. Men Geir Marius Øie sørga for balanse like etter. Også det eit flott mål.

Det var stor stemning undervegs, både i turneringa for dei yngste og den for dei vaksne. Deltakinga var også veldig god samla sett.

Nejaføringa hadde ansvaret denne gongen, noko dei meistra fint. Med Stein A Sæter i spissen funka sekretariatet supert og Siri Kathrin og Bulent hadde mykje godt å by på i foajeen.

Takk til alle dei som var med og bidrog til at Grendacup 2015 vart så bra og gratulerer til alle dei unge frå 5. t.o.m 8. klasse. som deltok! Det var kjempebra!

Sist men ikkje minst gratulerer vi Øvrebust med sigeren i Grendacup 2015!

For fleire bilder frå Grendacup 2015, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside

Sjå gjerne også vår førehandsreportasje med tilbakeblikk

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove