Fotograf: Hallgeir Hove
Leiar i programkomiteen, Lars Kristian Øvrebust, saman med ein rett så løyndomsfull gjeng frå Øvrebustgrenda under møtet deira sist veke fotograf Hallgeir Hove
Årsfest for Stordalshallen, 2007
Slik såg plakaten ut sist gong grenda Øvrebust hadde Årsfest. Nokon som gler seg?

Øvrebustgrenda er i full sving med førebuinga til årets store fest!

Laurdag 22. februar, er det klart for Årsfest for Stordalshallen. Det er grenda Øvrebust som er arrangør og det faktisk for tredje gong. Den komande Årsfesten vert den 17. i rekkja! Som alle arrangørar tidlegare er dei rett så løyndomsfulle i høve til kva vi kan vente oss, men vi har i allefall fått med oss at dei for lengst er i gong med førebuingane.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.12.2013

Årsfest for Stordalshallen er blitt ein flott tradisjon som naturlegvis skriv seg attende til då Stordalshallen kom på plass for over 16 år sidan. Kvart år, sidan den gong, har sju grendalag veklsa på å stå som arrangør og det er all grunn til å hevde at dette har hatt umåteleg mykje å seie for lokalsamfunnet vårt. I tillegg til at dette gjev kjærkomne inntekter som bidreg til at Stordalshallen kan vidareutvikle totaltilboda sine, er det heller ikkje til å legge skjul på at dette er årets "happening" og eit arrangement alle berre MÅ ha med seg. Når Årsfestane dei siste åra også er blitt lagt til vinterferieveka, har også særs mange utflytta stordalingar vore på plass. Sist, men ikkje minst, skal ein heller ikkje undervurdere verdien desse arrangementa har for samhaldet både i grenda og forsåvidt i heile kommunen vår. Alle veit at det er krevjande å skulle stå bak eit slik stort arrangement, men så er det også slik at det gir mange veldig mykje å få ta del i det heile. At Årsfestane vert lagt merke til, og det langt ut over kommunegrensene, er det heller ingen tvil om!

Sjølv om vi altså ikkje veit så mykje om det som skal skje den 22. februar, er det all grunn til å tru at dette vert ein fest etter same malen som tidlegare, der det i tillegg til revy frå scena vert både mat og dans. Ser ein på dei tidlegare festane, både til denne grenda og elles, er det absolutt grunn til å merke av datoen på kalendaren, om dette ikkje er gjort alt.

Eit tilbakeblikk på Årsfestane den seinare tid, gir også god grunn til å gle seg!

Her er reportasjen frå då grenda Øvrebust stod som arrangør i februar 2007

Årsfest 2013 - Hovslia og Røbbane

Det er sjølvsagt ei rad andre reportasjar knytt til Årsfestane for Stordalshallen og i denne har vi lagt inn lenker til Årsfestane frå 2006 t.o.m 2012


Prisutdelingar 

Ein annan flott tradisjon i samband med Årsfestane, er det også at dette er kvelden for utdelingar av ulikt slag. Den 22. februar vil du dermed også få høve til å vere med på å heidre ekstra dei to som har motteke hhv Stordal kommune sin kulturpris og Stordal kommune sitt kulturstipend i 2013. 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove