Fotograf: Hallgeir Hove
Øvrebustarane mottek ståande applaus, etter at den suverene revyen var over fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Per Remme intervju av Berit Susanne Kjølås, hjå NRK Møre og Romsdal fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Sparetiltaka var mange i ei av våre nabokommunar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Bjørg og Ivar Jacobsen (med C), lagar quæz fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Også Bjarne Brøndmo dukka opp att i Stordalshallen, 16 år etter at han stod på scena det sist! fotograf Hallgeir Hove

Øvrebustgrenda innfridde forventningane til fulle!

Det er ikkje enkelt å skulle beskrive Årsfesten vi fekk servert av øvrebustarane på laurdag. Men det som i alle fall er sikkert, er at grenda verkeleg innfridde forventningane på førehand - og dei var ikkje akkurat lave!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.02.2014

I forkant av Årsfesten var det heilt tydeleg at interessa var enorm i høve til det som skulle skje, noko som kom tydeleg fram både på facebook og "på folkemunne". Ein aktiv bruk av nettopp sosiale media og særs god annonsering også elles, hadde nok mykje å seie. At det var varsla premiere på Maria H Tøsse og Camilla Kleppe Nanseth sin musikkvideo om Stordal og eigen trubadur, likeeins. Når folk flest også har denne grenda sine tidlegare Årsfestar, friskt i minne, er det ikkje rart at det var knytt stor interesse kring årets fest.  

Dørene opna kl 18.30 og berre på kort tid var det ganske så fullt i idrettshallen. Etter kvart skulle det vise seg at det vart alt for lite med dei om lag 450 stolane, som først var rigga til, og mykje tyder på at det vart sett publikumsrekord på laurdag.

Trubadur, Idar Godø, hadde rigga seg til i motsett ende av festsalen og frå første stund bidrog han til å skape flott stemning. Det å ha eigen trubadur for kvelden var også noko som såg ut til å slå godt an. Både den første timen, fram til innslaga frå scena starta, og elles der det baud seg ei muligheit, var Godø i aksjon. Han hadde også ei eiga økt frå siste innslaget på scena og fram til Party Express tok over frå hovudscena.

Før sjølve revyen starta opp, stod det også denne gongen utdelingar på programmet. Den første ordførar Charles Tøsse hadde gleda av å kalle fram på scena, var Robin Aasen. Han vart, som kjent, tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend i 2013. Etter at ordføraren hadde orientert festlyden litt om bakgrunnen for tildelinga og etter at Robin hadde motteke vel fortent diplom, sjekk og blomster, nytta stipendmottakaren høve til å takke både Stordal kommune og ei rad andre som hadde betydd mykje for han og den store interessa for musikk han har fått. At Robin er ein særs oppteken kar, er nok dei fleste klar over. At han i tillegg brenn for heimbygda si, likeeins.

Etter at Robin hadde forlete scena til rungande applaus, var det så klart for å overrekkje Stordal kommune sin kulturpris til Ole Magnar Øvrebust. Det et ikkje til å legge skjul på at også dette er ei utmerking som heng særs høgt. Ser ein på tidlegare prisvinnarar, og det at prisen berre vert delt ut annakvart år, er dette med på å stadfeste dette. Også Ole Magnar sjølv peika på dette og ikkje minst at det i den lille kommuna vår, er så mange som fortener liknande merksemd som den han no vart til del. At Ole Magnar - med sitt enorme engasjement innan musikkliv, idrett, folkedans og meire til - verkeleg fortente prisen, er det liten tvil om. I tillegg til diplom, sjekk og blomster, var den ståande applausen frå ein fullsett idrettshall det beste beviset på nettopp det. Ole Magnar var vidare inne på at han hadde vore heldig som hadde fått teke del i, og opplevd, so mykje flott i løpet av alle desse åra og streka under at det er ganske så imponerande alt det denne lille kommuna, saman har fått til. Ordføraren var sjølvsagt også inne på den imponerande dugnadsinnsatsen Ole Magnar har lagt ned, både som ein av dei ivrigaste når Stordalshallen vart bygd, som løypekøyrar i alle år, som aktiv i samband med bygging av varmestova på Stavsengfjellet, som særs delaktig i samband med reisinga av gapahuken på Mosætra og nærast rett derifrå og til jobben som dugnadsleiar i høve arbeidet med å få tilbygget ved Stordalshallen på plass.  

Makelaus revy!

Umiddelbart etter at prisoverrekkjingane var unnagjort, starta det som var kveldens høgdepunkt, nemleg øvrebustarane sin revy. Til liks med tidlegare revyar frå denne grenda, var det rett så avanserte greier også denne gongen. Det heile starta med sending frå NRK Møre og Romsdal (via storskjermen i hallen), der det var avdekka ei større overvåkingsskandale i Stordal, med base i bunkeren rett nedanfor Øvrebustfeltet. NRK sin reportar ute i felten var Maria Holand Tøsse og ho intervjua ein særs alvorssam operasjonsleiar, Johan Arnt Overøye, ved Sunnmøre politidistrikt, samt fleire av dei sjokkerte bebuarane i nabolaget. I NRK-studio hadde så Berit Susanne Kjølås, fått besøk av Per Remme, hovudmannen bak den storstilte overvåkinga. Med dette stilige og avanserte innslaget, hadde revyen også fått sin raude tråd, der Remme og medsamansvorne, Svein Harald Øvrebust, gav publikum høve til å få oppleve mykje av alt det materialet dei hadde fått samla inn. Det kom fram at det ikkje berre var Stordal som var utsett for storstilt overvaking. Også våre naboar på andre sida av fjorden hadde vore i overvåkarane sitt søkjelys, noko som m.a. kom fram i innslaget der ein fekk sjå noko av konsekvensane av dei sparetiltaka ein er blitt tvungen til å iverksette der. Å m.a. måtte plassere to og to bebuarar i same seng, var slett ikkje uvanleg kost, til sjå til. No vil det naturlegvis vere alt for omfattande å skulle gjengi alt av overvakingsmateriale vi fekk ta del i, men nemner likevel den frå då Bjørg Jacobsen (med sine mange hattar) fekk hjelp av Ivar Jacobsen (med c!) til å lage "quæz". Dei to vart knakande godt parodierte av Magne Tøsse og Lars Kristian Øvrebust. Ja, faktisk var det nok slik at mange rett og slett trudde det var den godeste Ivar, som sat ved bordet, heilt til han mot slutten av innslaget troppa opp og jaga vekk kopien! Det er nok lenge sidan både ho Bjørg sjølv, og resten av publikum, har ledd så mykje som akkurat då. Revyen, også elles, held det same høge nivået og det er ikkje til å legge skjul på at det skal bli kjekt å få sjå DVD´n når den blir klar.

I tillegg til alt det morosame, kunne arrangørane også skilte med mange flotte song- og musikkinnslag og det er også imponerande gode musikalske krefter i grenda. Med seg hadde dei også eit husorkester, eller rettare eit husband, av ypperste merke. Og mot slutten av programmet vart det endåtil gjensyn med Bjarne Brøndmo (Johan Bernt Øvrebust), 16 år etter at han stod på scena i Stordalshallen!

Som avslutning på ein elles strålande revy, var det så klart for musikkvideoen "Happy Stordal". At publikum sin respons på denne var enorm, er ikkje å overdrive. Verkeleg eit meisterverk, som i løpet av nokre få minutt presenterte om lag 500 av kommunen sine innbyggjarar, der alle er - ja, nettopp! Happy!! Musikkvideoen, som altså er laga av Maria Holand Tøsse og Camilla Kleppe Nanseth, har alt blitt ein farsott på internett. Ganske så raskt var det over 6000 som hadde sett denne og talet stig stadig. Også NRK Møre og Romsdal har laga ei sak på dette og tilbakemeldingane frå fjern og nær er særs gode. Eit imponerande stykke arbeid, som slik sett også sette eit verdig punktum på ein suveren revy! Sjå eigen reportasje om musikkvideo´n om litt.   

For meir om revyen, viser ein til eige bildegalleri på Stordalshallen si facebookside og så gler vi oss til å lese meir også i lokalavisene våre!

Suverent på alle måtar!

No er det sjølvsagt slik at det ofte er det som skjer frå scena, som vert sett på som den største utfordringa, når ein skal arrangere Årsfest. Men det er naturlegvis også mykje anna som skal på plass og også her imponerte øvrebustarane. Vi har tidlegare peika på at det var genialt med eigen trubadur på plass, men i tillegg hadde dei også ein eigen vri på matserveringa denne gongen. Først kunne det sjå ut til at det var den eldre dama med rullator (spela av Helga Øvrebust), som skulle stå for denne på eiga hand, men medan ho gjekk og godsnakka med dei som var så heldig å få spekematen sin først, strøymde det brått på med servitørar ut mellom borda i idrettshallen. På den måten fekk alle servert maten sin på ein blunk, og det medan Helga underheldt oss. Når den nydelege maten så var innteken, dukka plutseleg den eldre dama opp (og det med rullartoren på slep!) i toppen av klatreveggen! (Ho er forøvrig også ein del av musikkvideoen, for den del..) Genialt!

Blant dei mange udelt positive tilbakemeldingane etter denne festen, innbefattar også dette lyd- og lyskvaliteten. Det var satsa skikkeleg for at alle blant publikum skulle få ei flott oppleving også i så måte og med mange dyktige karar med Åge Staurset i spissen, til å ta hand om dette, vart resultatet makelaust!

Øvrebustgrenda sine hyggelege vakter, eller rettare; vertar, sytte for at alle hadde ein særs flott kveld og både i samband med billetteringa og i baren fungerte alt knirkefritt.

I samband med tidlegare årsfestar har vi trekt fram Ørskog Videoklubb sin flotte innsats og gjer det gjerne igjen også denne gongen. Det er skikkeleg profft det dei får til og det gir publikum verkeleg høve til å få ei flott oppleving.  

Vi gløymer sjølvsagt heller ikkje dansmusikken opp i det heile. Party Express er ikkje noko stort danseband, når ein tenkjer på antall medlemmar, men du verden kor flinke dei er! No vart dette ein ekstra kjekk kveld også for dei, i og med at dei kunne overlate til Åge - og det avanserte miksebordet han betjente - sjølve lydmiksen. I sum resulterte dette til at det var trangt om plassen på dansegolvet, heile kvelden og til tilbakemeldingar som slo fast at arrangørane hadde truffe blink også kva gjeld val av danseband! 

Avslutningsvis er det verkeleg på sin plass å rette ei stor takk til alle dei som var med og bidrog til denne suverene årsfesten, der fyljande øvrebustarar utgjorde hovudkomiteen: Oddrun Aunet Innselset (leiar), Hans Øyen, Hilde Rødseth, Magne Tøsse, Steffen Leganger og Helga Øvrebust.

Om du vil kan du også sjå vår førehandsreportasje og der finne endå meir om både denne årsfesten og dei mange supre festane tidlegare år! 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove