Påmeldinga i full gong!

Stordalscup 2017 - Vestbyen Fotball G 10 - Klikk for stort bildeStordalscup 2017 - Vestbyen Fotball G 10

Tru det eller ei, men no er det faktisk ikkje meir enn 7 veker att til Folkefesten over alle folkefestar går av stabelen. Vi siktar då naturlegvis til Stordalscup og i år vert denne arrangert for 37. gong! Arrangørane melder om at påmeldinga er i full gong og det er no m.a. klart at det blir - ikkje mindre enn - tre lag frå Trondheim med denne gongen. Tidlegare har, som kjent, Holmlia og Lillestrøm vore med og endåtil laget Lezajsk frå Polen. Totalt har ein hatt rundt 1 000 spelarar fordelt på 100 lag, når Stordalscup vert arrangert.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 21.08.2017

Folkefesten 2012 - Hurra for Lillestrøm FK - Klikk for stort bildeFolkefesten 2012 - Hurra for Lillestrøm FK Hallgeir Hove Stordalscup 2010. Holmlia - Klikk for stort bildeStordalscup 2010. Holmlia Hallgeir Hove Aktivitetsveka, sommar 2010. Karnevalsopptog. Team Lezajsk - Klikk for stort bildeAktivitetsveka, sommar 2010. Karnevalsopptog. Team Lezajsk Hallgeir Hove Stordalscup 2017 - Vestbyen Fotball G 10 - Klikk for stort bildeStordalscup 2017 - Vestbyen Fotball G 10

Det er Vestbyen Fotball (frå Trondheim) som kjem til å stille med heile 3 lag i klasse G-10 og det er naturlegvis alltid ekstra stas med gjestande lag utanfor eigen krets. Vi vel å tru at dette også vil vere stas for dei lokale G-10 laga.

For å vere heilt sikker på at laget ditt skal få plass, er det sjølvsagt lurt å melde seg på i tide. Her er lenke til påmelding.

Legg gjerne merke til at arrangørane denne gongen har valgt å legge Folkefesten til helga frå fredag den 16. t.o.m søndag den 18. juni. Dette for at flest mulig skal få høve til å få dette med seg. Vi reknar med at dei fleste klubbar rundt om, vil ha sine spelarar tilgjengeleg denne helga og så kan dette vere ein super måte å avslutte vårsesongen på. At det blir kjekt på Stordalscup 2017, er det iallefall ingen tvil om!

Vi omtalar altså Stordalscup som Folkefesten over alle folkefestar, og dette skuldast naturlegvis også at Stordalscup er så uendeleg mykje meir enn fotball. Ta ein kikk på våre tidlegare reportasjar, så reknar vi med at de blir imponert.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove