Påmeldingane strøymer på!

Breidablikfesten 28. oktober 2017 - øving 15. oktober - Klikk for stort bildeBreidablikfesten 28. oktober 2017 - øving 15. oktober Hallgeir Hove

Kjell Nilsen og Johan Vinje har hatt nokre hektiske dagar i telefonen, etter at det vart opna opp for påmelding til Breidablikfesten. Det er altså på laurdag den 28. oktober det skal skje og med berre to dagar att til påmeldingsfristen går ut no vert det nok ikkje mindre hektisk for dei to. Det er nemleg anten ved å ringe dei, eller sende ein SMS, ein melder seg på til denne festen. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.10.2017

Breidablikfesten 28. oktober 2017 - gamle bilder - Klikk for stort bildeBreidablikfesten 28. oktober 2017 - gamle bilder Hallgeir Hove Breidablikfesten 28. oktober 2017 - øving i grendasalen - Klikk for stort bildeBreidablikfesten 28. oktober 2017 - øving i grendasalen Hallgeir Hove Breidablikfesten 28. oktober 2017 - plakat - Klikk for stort bildeBreidablikfesten 28. oktober 2017 - plakat

Vi har også tidlegare meldt om god respons i høve til arrangementet og berre på nokre få dagar, har no også 3 000 fått med seg filmsnutten vi la ut. Dette var meint som ein liten aperitif til det som skal kome og det er sjølvsagt stas at så mange har fått den med seg.

Kjell og Johan melder altså også om hektiske tider, der mange er på tråden for å melde seg på. Det er heilt tydeleg at interessa er stor og mange har vore tidleg ute for å sikre seg plass. Etter det vi kjenner til var det 120 påmeldte berre den første veka! Med kun to dagar att til påmeldingsfristen går ut no, reknar vi med at det ikkje blir mindre hektisk for dei to. Du melder deg altså på ved anten å ringe, eller å sende ein SMS til ein av dei to. Sjå meir om dette på plakaten.  (skulle det vere opptatt, når du prøver å nå ein av dei, veit du grunnen. Det går altså fint å sende ein SMS (ei melding) og)

I går kveld var gjengen samla i Stordalshallen nok ein gong og då vart det jobba vidare med både programdel og med førebuingane til festen elles. Ytterlegare nye gjenstandar kom også på plass, til det som ser ut til å bli ei rett så flott utstilling. Ragnhild Flåen m.fl. er også i full gong med å få henta ut interessant stoff frå "Fram-bøkene" og mykje av dette vil også bli synleggjort i samband med utstillinga.

Ja, verkeleg, dette er det berre å gle seg til folkens!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove