Passerer snart 400.000 kroner!

Gåveaksjonen til Stordal IL - som altså tek sikte på å samle inn kr 500.000,- til tilbygget ved Stordalshallen - går så det susar! Både privatpersonar og næringsliv bidreg i stort mon. Pr. 30. november var det kome inn heile 386.800,-. Legg m.a. merke til at Sparebanken Møre no totalt har gitt kr 90.000,- til aksjonen!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 02.12.2013
Stordal IL, logo
Gåveaksjonen til Stordal IL: Passerer kr 400.000 i desse dagar!

Sjå den ferskaste oversikta som pdf, nedst på sida. Legg merke til at det er kome inn mange flotte gåver sidan sist oversikt. Ikkje minst er det verd å merke seg at Sparebanken Møre no har gitt ytterlegare kr 40.000 til aksjonen og dermed har banken ytt imponerande kr 90.000,- totalt!

Sjå også våre tidlegare reportasjar for meir om både gåveaksjonen og om arbeidet med å få tilbygget på plass.  Der finn du også meir om korleis du enkelt kan gå fram for å vere med på gåveaksjonen. Legg merke til at ei slik gåve også gir skattefrådrag.

Totalkostnaden for tilbygget vert på kr 6,5 millionar, der ein kan håpe på at andelen spelemidlane vil utgjere, vert på i overkant av 2 millionar.

Det er kjempeflott at responsen er så god og med resultatet Stordal IL kan vise til no, er det vel rett å hevde at laget har fått samla inn 4/5 av det som er målet. Suverent!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove