Fotograf: John Kristian Hjelle
Fylkesleiar i Norsk Pensjonistforbund, Borge Rørvik, deler ut sjekk og overbringer helsing. fotograf John Kristian Hjelle
Fotograf: John Kristian Hjelle
Ordførar, Charles Tøsse, helsar og gratulerer på vegne av Stordal kommune. fotograf John Kristian Hjelle
Fotograf: John Kristian Hjelle
Ingjerd Øyen er den som har vore leiar i laget lengst, med sine 7 år. fotograf John Kristian Hjelle
Fotograf: John Kristian Hjelle
Leiaren i laget, Einar K Hove, heidra fleire sentrale personar. På dette bildet ser ein Petra Moen, Anna Margrethe Drægebø Moe, Ingjerd Øyen, fylkesleiaren og Karl Elias Moe. Bak leiaren ser vi også Kirsten Amdam Hove. Ho er ein viktig støttespelar! fotograf John Kristian Hjelle
Fotograf: John Kristian Hjelle
Det var også fleire flotte kulturelle innslag. Her er det Inna, Kristofer og Kristina, som spelar saman med leiaren. fotograf John Kristian Hjelle

Pensjonistlaget 30 år!

Stordal pensjonistlag vart stifta 23. mai 1978. Det er ein høgst oppegåande jubilant, som onsdag den 2. april arrangerte flott markering i Stordalshallen.
Sjølve markeringa var jubilanten verdig. I ein fullsett grendasal vart det framført helsingar frå ulikt hald. Personar som har stått sentralt i arbeidet kring laget vart heidra, det var flotte kulturinnslag, sjølvsagt god mat og mykje, mykje meir.

I 2004 kom også Liabygda med og etter den tid har laget heitt Stordal og Liabygda pensjonistlag. Laget kan skilte med eit imponerande medlemstal. Det er heile 85 medlemmar no og talet aukar stadig. Aktiviteten er stor og laget har i tillegg teke på seg det eine flotte dugnadsoppdraget etter det andre.

For meir om markeringa, viser ein til flott reportasje i Storfjordnytt, den 9 april. Sjå også delar av denne på Storfjordnytt si heimeside. (link nedanfor)

Stordal kommune vil igjen få gratulere jubilanten og takke for alt det laget har fått utretta i løpet av disse 30 åra!

Lukke til vidare!
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove