Pensjonistlaget feira 40 årsjubileum!

Jubileumsfest for Stordal og Liabygda pensjonistlag sept 2018 - Klikk for stort bildeJubileumsfest for Stordal og Liabygda pensjonistlag sept 2018 Eva Hove

Fredag 7. september var det flott jubileumsmarkering, når Stordal og Liabygda pensjonistlag inviterte gjestar frå både fjern og nær til Stordalshallen og til ein fullsett grendasal. Blant dei mange inviterte, var representantar frå Pensjonistforeninga både regionalt og nasjonalt og ordføraren.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 26.09.2018

Jubileumsfest for Stordal og Liabygda pensjonistlag sept 2018 - leiar Ann Elise Dyrkorn  - Klikk for stort bildeJubileumsfest for Stordal og Liabygda pensjonistlag sept 2018 - leiar Ann Elise Dyrkorn Eva Hove Jubileumsfest for Stordal og Liabygda pensjonistlag sept 2018 - Klikk for stort bildeJubileumsfest for Stordal og Liabygda pensjonistlag sept 2018 Eva Hove Jubileumsfest for Stordal og Liabygda pensjonistlag sept 2018 - eige jubileumshefte og årar av gamlesorten høyrer med - Klikk for stort bildeJubileumsfest for Stordal og Liabygda pensjonistlag sept 2018 - eige jubileumshefte og årar av gamlesorten høyrer med Eva Hove Frå fylkespensjonisttreff i Stordalshallen, for rundt 20 år sidan - Klikk for stort bildeFrå fylkespensjonisttreff i Stordalshallen, for rundt 20 år sidan

Leiar Ann Elise Dyrkorn, og dei andre i det særs aktive pensjonistlaget, har all grunn til å vere fornøgd både med festen og ikkje minst det umåteleg flotte arbeidet dei legg ned.

Her presenterer vi det ordførar Eva Hove har skrive i høve jubileumsmarkeringa:

"Stordalingane har vore tidleg ute med å skipe lag og foreningar. Dette året er det 40 år sidan Stordal pensjonistlag vart skipa, og dette vart markert med ein skikkeleg jubileumsfest fredag ettermiddag. Foreninga heiter no Stordal og Liabygda pensjonistlag, og har meir enn hundre medlemmer.

Medlemmene møtest jamleg til hyggelege samkomer og dei drar på utflukter, både dagsturar og overnattingsturar. Langturane på ettersommaren er årvisse høgdepunkt for mange.

Eg var så heldig å bli invitert til å vere med på jubileumsfesten i går, og kunne dermed gi ei helsing frå kommunen og gi honnør til det arbeidet som er gjort av alle frivillige. Det er viktig for kommunen å ha god kontakt med dette laget og denne aldersgruppa, når vi skal forme viktige omsorgstenester.
Grendasalen var fullsett av festkledde og feststemte pensjonistar som kunne hygge seg med nydeleg middag, fin underhaldning, lotteri, helsingstalar og ikkje minst: eit bugnande kakebord!

Gratulerer med jubileumet og lykke til med dei neste førti!"

Når pensjonistlaget vårt no feirar 40 årsjubileum, er det også kjekt å "mimre" litt tilbake til tida rett etter at Stordalshallen stod ferdig. Då var det nemleg dette laget som også gjekk i bresjen for å arrangere fylkespensjonisttreffa. Både i 1999, 2001 og 2003 var det flotte treff i Stordalshallen og laget, godt hjelpt av fleire andre gode krefter i kommunen, bidrog til at dei rundt 500 gjestane verkeleg hadde fine opplevingar her.

Sjå gjerne også reportasjen frå då Stordal Pensjonistlag feira 30 år

Stordal er ofte blitt omtala som dugnadskommunen i mange ulike samanhengar. Når ein ser på dei som i dag utgjer pensjonistlaget vårt, er det i høgste grad rett å hevde at denne gjengen skal ha mykje av æra for det. Dugnadsånda og evna til å skape noko saman, har dei hatt med seg gjennom heile livet og den har så definitivt ikkje avtatt med åra.

Gratulerer med 40 årsjubileumet!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove