Per Christian Ellefsen fyllte grendasalen

Verdensdagen for psykisk helse 2019 - Per Christian Ellefsen les frå manuset til "Elling" - Klikk for stort bildeVerdensdagen for psykisk helse 2019 - Per Christian Ellefsen les frå manuset til "Elling" Hallgeir Hove

Sist søndag var det flott markering av Verdensdagen for psykisk helse i Stordalshallen. Det var Mental Helse Stordal, frivilligsentralen og biblioteket, som stod som arrangør også denne gongen og trekkplasteret var ingen ringare enn skodespelar Per Christian Ellefsen. Sjølv om det plar vere bra oppslutning om desse markeringane, var det ekstra kjekt at grendasalen faktisk vart heilt fullsett denne gongen. 

 

 

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 01.10.2019

Verdensdagen for psykisk helse 2019 - Per Christian Ellefsen og publikum - Klikk for stort bildeVerdensdagen for psykisk helse 2019 - Per Christian Ellefsen og publikum Hallgeir Hove Verdensdagen for psykisk helse 2019 - Per Christian Ellefsen frir til Ingrid Løset - Klikk for stort bildeVerdensdagen for psykisk helse 2019 - Per Christian Ellefsen frir til Ingrid Løset Hallgeir Hove Verdensdagen for psykisk helse 2019 - Per Christian Ellefsen og Anne Berit Løset. "Helsing" - Klikk for stort bildeVerdensdagen for psykisk helse 2019 - Per Christian Ellefsen og Anne Berit Løset. "Helsing" Hallgeir Hove Verdensdagen for psykisk helse 2019 - Josef Nedregård - Klikk for stort bildeVerdensdagen for psykisk helse 2019 - Josef Nedregård Hallgeir Hove

Ellefsen, er m.a. kjent for dei tre filmane om "Elling" og er til dagleg tilsett ved Nationaltheatret i Oslo. Sjå gjerne våre førehandsreportasjar for meir om han. I grendasalen på søndag, var det dette med å gi tid, som var tema. "Gi av tida di og du gir glede!" er også tema for markeringane landet over. Det er liten tvil om at Elllefsen ga dei frammøtte ein heil del å reflektere over og det heile vart framført på utmerka vis der også kontakta med publikum var den aller beste. Utdrag frå Ingvar Ambjørnsen sitt manus frå "Elling" vart også framført, noko som forståeleg nok også slo godt an. Både på det viset og ved å nytte seg av publikum i salen, fekk han illustrert mykje av det han hadde på hjertet om temaet.

Ein annan som verkeleg fenga forsamlinga, var Josef Nedregård. Han har lenge imponert med sine unike ferdigheter på pianoet og søndag fekk vi nok eit bevis på at han held eit nivå det rett og slett er vanskeleg å beskrive med ord. Han må rett og slett opplevast og at denne ungguten kan kome særs langt om han ynskjer satse på dette vidare, er det ingen tvil om. Det kan nesten virke som at det ikkje fins grenser for kor langt han kan nå. Fantastisk!

Det var tidlegare leiar i Mental Helse Stordal, Ingrid Løset, som både ynskte velkomen og takka Ellefsen til slutt. Med seg heim til Oslo, fekk han både heimestrikka vottar og ein plakat med ord og uttrykk på stordalsdialekt. Det vakte latter i salen også når han prøvde seg på å lese frå plakaten.  

Møtet med Per Christian Ellefsen vart både lunt og varmt og ikkje minst gjevande og nyttig. Stor takk til både han, Josef og arrangørane.

For fleire bilder frå markeringa, sjå eige galleri på Stordalshallen si facebookside

Sjå gjerne også våre førehandsreportasjar

Om nokon sakna leiaren i Mental Helse Stordal, Anna Margrethe Drægebø Moe - som sjølvsagt var sterkt delaktig i førebuinga av arrangementet - er det å seie at ho var oppteken med møteverksemd i Mental Helse på landsplanet.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove