Polyform AS - logo
Denne flotte logoen vil med det første få sin særs synlege plass på veggen i Stordalshallen
Polyform AS
Polyform AS sitt flotte produksjonsanlegg ligg idyllisk til på Blindheim, utanfor Ålesund
Polyform AS - bøye
Polyform AS er marknadsleiande på alt frå dei enklaste fenderar og bøyer, til avansert utstyr nytta i offshore-næringa

Polyform AS klar til å bli med på vinnarlaget!

Vi gler oss over at interessa for å inngå samarbeidsavtale med Stordalshallen er minst like stor som tidlegare. Tilbakemeldingane frå våre mange samarbeidspartnarar tyder på at dei er særs tilfreds med å vere med på vinnarlaget. Med Polyform AS på plass no, er det ganske nøyaktig 100 samarbeidspartnarar med!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.02.2016

Vi har henta ut fyljande tekst frå den flotte nettsida til verksemda. Ei nettside som verkeleg også viser at Polyform AS produserer det som trengs av fenderar og bøyer, anten det no gjeld inn mot offshore, lakseoppdrett, fiskerinæringa elles, fritidsbåtar, ja eigentleg alt som har med sjø å gjere! Og dei starta ikkje akkurat opp i går, for å seie det sånn!

"Polyform AS ble etablert i Ålesund i 1955, og var den første produsenten i verden som fremstilte først luftfylte garnblåser, og kort tid etter luftfylte fendere av myk PVC.

Polyform AS er i dag en ledende produsent av fendere og bøyer til verdens båtsportmarkeder, fiskerier, akvakultur og anvendelser innen olje / offshore virksomhet.

Alle produkter blir produsert ved bedriftens anlegg på Blindheim utenfor Ålesund. For å opprettholde selskapets posisjon som markedsleder har Polyform AS drevet kontinuerlig med utvikling av egen produksjonsteknologi med blant annet flere patenterte løsninger."

Det er absolutt verdt å besøkje nettsida til Polyform AS og då er det ikkje vanskeleg å skjøne at verksemda er leiande på området! 

Vi er naturlegvis særs glade for at Polyform AS ynskjer å inngå tettare samarbeid med Stordalshallen og nyttar høve til å ynskje verksemda velkomen med på vinnarlaget!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove