Fotograf: Bjørg Jacobsen
Det vart god gammal bingo-stemning i grendasalen på søndag fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
To av dei som syntest det var stas å få vere med på bingo. fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Torill har fått merka av mange av talla Jonas ropte opp, men held det bingo? fotograf Bjørg Jacobsen

Populært med bingo!

Nærare 100 personar møtte opp for å få med seg skulekorpset sin bingo, sist søndag ettermiddag. Med det gode oppmøtet, vart det også god gammal bingostemning i grendasalen. Blant mange heldige vinnarar var nok Emilie Falch den som var mest fornøgd av alle.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 25.11.2014

I tillegg til at bingoen på søndag vart eit rett så kjekt arrangement for deltakarane, er det også særs kjekt å registrere at skulekorpset vårt på denne måten har funne ein fin måte å få inn nokre sårt tiltrengte kroner. At dette med bingo var spanande var det heller ingen tvil om og blant mange heldige vinnarar var nok Emilie Falch den som var mest fornøgd av alle. Ho stakk nemleg av med "røvaren" som var ei flott kolonialkasse med mykje spanande oppi.

Det var Jonas Falch, som hadde teke på seg opplesar-rolla, noko han sjølvsagt meistra med stil. Det er ikkje første gongen han stiller opp, for å seie det slik.   

Det eine arrangementet avløyser det andre..
Samstundes med at dei siste kampane under KM i futsal for J 13 vart spela inne i idrettshallen, og med Molde-jubel på storskjermen i grendasalen, var Stordal skulekorps i full gong med å gjere klart til bingo. Det er dette som er blitt "normalen" kva gjeld Stordalshallen, der det eine arrangementet avløyser det andre, mest utan dødtid mellom dei. Veldig kjekt også det, naturlegvis!



   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove