Populært med "Open hall" i romjula

Open hall 5. juledag  - Klikk for stort bilde Responsen var over all forventing, då Stordalshallen inviterte til Open hall - arrangement, tysdag 29. desember. Truleg var det langt over 100 born og unge med. Men med mange supre instruktørar som velvillig stilte opp, vart det likevel stor aktivitet, både i klatreveggen, på konkurransetrampolina og på skytebana.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.12.2016
Open hall 5. juledag - Klikk for stort bilde Open hall 5. juledag  - Klikk for stort bilde Open hall 5. juledag  - Klikk for stort bilde Open hall 5. juledag - Klikk for stort bilde

Responsen var over all forventing, då Stordalshallen inviterte til Open hall - arrangement, 5. juledag. Truleg var det langt over 100 born og unge med i dag og dermed opplevde vi også at det vart kø for å få ta del i dei ulike aktivitetane, ikkje minst på skytebana. Men med mange supre instruktørar som velvillig stilte opp, vart det stor aktivitet, både i klatreveggen, på konkurransetrampolina og (som nemnt) på skytebana. I tillegg var team-track`n rigga opp, skuddlaseren på plass og den som ville kunne også teste ut ferdigheitene i minigolf.

Stor takk til Frode Holtleite, Kjell, Mulelid, Helga Øvrebust, Eli Søvik og Lars Johan Nygård. Takk også til foreldre og unge som var med og bidrog til at det heile gjekk så bra som det gjorde og takk til Bjørg Jacobsen for fotografering.

No veit vi at det absolutt er populært med "Open hall" og då må vi få til dette oftare framover. Elles nemner vi at skyttarlaget er godt i gong att med miniatyrskyting for born og unge, og i tillegg har også barneidrettsgruppa starta opp med aktivitetar i hallen no. Det er berre å gle seg!

Stor stas å ha besøk av så mange positive og kjekke folk! Takk for at de ville vere med!

For endå fleire bilder frå arrangementet viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove