Populært med yoga!

I midten av november starta Merete Myklebust hjå meretesZENgarden opp kurs i yoga i Stordalshallen. I forkant av kurset strøymde påmeldingane inn og ho opplevde faktisk å måtte sette strek, utan at alle som ynskte det fekk vere med den gongen. No køyrer ho på med nye 10 veker for dei som alt har kome med og i tillegg køyrer ho i gong eit nytt parti for dei som ikkje fekk plass sist.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 07.01.2014
Merete Myklebust
Merete Myklebust kan tydlegvis sine saker, noko som ryktast fort

Merete opplevde altså så stor interesse kring dette første kurset sitt, som varer til og med den 20. januar, at ho vart nøydd til å føre vidare dette tilbodet i ytterlegare 10 veker. Ikkje nok med det; No kan også dei mange som ikkje fekk plass på den første kursrekkja kome med. Det vert nemleg også tilbod om oppstart for "nybegynnarar" frå og med den 20. januar!

For meir om sjølve kurset, om korleis du kan melde deg på m.m., viser vi til eigen plakat. Sjå pdf nedst på sida. 

Til liks med det som vart gjort i samband med det kurset som starta opp i november, er det også oppretta ei eiga hending på facebook for dette kurset for "nybegynnarar".

Sjå gjerne også vår første reportasje om Merete Myklebust sitt yoga-kurs, for meir.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove