Barnas Supersommar 2016 - framside program
Barnas Supersommar 2016 - framside program
Fotograf: Hallgeir Hove
Kurs i kajakk har stått på programmet fleire år, takka vere god hjelp frå friluftsrådet. Her er ein gjeng i aksjon i fjor sommar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Eventyrleg vandring i Grigås natursti, august 2015 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Barna er i ferd med å samlast i sentrum, klare for fantetog til badeplassen (jonsok 2015) fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Første dag av folkefesten, er Barnas cupfredag. Gjett om det er stas? fotograf Hallgeir Hove

Programmet for Barnas Supersommar 2016 har gått i trykken!

Sjølvsagt blir det "supersommar" også dette året! Stordal kommune er, som kjent, Barnas kommune og også denne sommaren kan vi by på mange kjekke aktivitetar for både små og store.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 07.06.2016

Bjørg Jacobsen har jobba med programmet både dag og natt dei siste dagane, for å rekke å bli ferdig med innhald og lay-out, og no er det altså klart for å trykke programmet. Men for de som er innom heimesida vår, kan vi alt no avsløre kva ein kan delta på.

Sjå programmet i si heilheit som pdf, nedst på sida.

Sjå gjerne også både fjorårets førehandsreportasje og ei rad andre tidlegare reportasjar og bildegalleri. Då vil de legge merke til at det ikkje er så reint lite imponerande dette her. I vårt nyhendearkiv vil de finne endå meir!

Då håper vi at alle, både små og store, vil få ein superduper sommar!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove