Programmet klart! ..for ei helg dette blir!

Stordalscup 2009. Oversiktsbilde I - Klikk for stort bildeStordalscup 2009. Oversiktsbilde I Jan Roger Hauge

I dag kan vi presentere programmet for Stordalscup 2017. Vi er så freidige at vi omtalar Stordalscup som ein folkefest og meiner vi har grunnlag for nettopp det. Ja, faktisk hevdar vi at dette er "Folkefesten over alle folkefestar!" Når vi ser på dette programmet, er det grunn til å hevde at vi har dekning for å gjere nettopp det og.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 01.06.2017

Stordalscup - sett frå Fjelladalen - Klikk for stort bildeStordalscup - sett frå Fjelladalen Bjørnar Midtbust Stordalscup 2016 - Klikk for stort bildeStordalscup 2016 Hallgeir Hove Stordalscup 2016 - Klikk for stort bildeStordalscup 2016 Hallgeir Hove Stordalscup 2009. Parkering III - Klikk for stort bildeStordalscup 2009. Parkering III Hallgeir Hove

Høgdepunkta står i kø, når fotballgruppa i Stordal IL arrangerer Stordalscup for 37. gong, i dagane frå fredag den 16. t.o.m søndag den 18. juni. Det er elles liten tvil om at ein blir godt teken imot. Knapt nokon annan stad kan ein vise til at snart ein fjerdedel av alle innbyggjarane stiller på for å hjelpe til, men når det gjeld Stordalscup er det faktisk slik. Dette er også så innarbeidd, at alle veit kva oppgåve dei har i samband med arrangementet. Enkelt og greitt imponerande er det. Det er nok ikkje så veldig feil, når vi hevdar at det er rundt 250 frivillige med og alle er dei opptekne av at dei tusenvis av gjestande i løpet av cup-helga, skal ha det så bra som berre mulig. Ja, ein snakkar faktisk også om at det er over 7 000 personar innom Kirkebø Stadion og Stordalshallen i løpet av denne helga og at folketalet langt på veg vert åttedobla!

Blant høgdepunkta denne gongen, registerer vi at arrangørane har satsa på flott utekonsert med "Innertier" på fredagskvelden. Innertier er nok ganske så kjent for den yngre garde. Duoen oppstod først mot slutten av 2014, og i 2015 var dei alt blant dei aller mest streama artistane i Norge. Det hadde ikkje gått to år eingong, før dei passerte 50 millionar streams totalt, mykje takka vere superhits som «Du Er Ung», «Langt Igjen Å Gå» og «Jeg Vil Heller Ha Deg» . I tillegg til Innertier, vert det også eigen DJ som fyller dalen med variert musikk og får opp stemninga ved stadion denne kvelden!

Utedans blir det sjølvsagt også denne gongen og den er som vanleg på laurdagkvelden. Ikkje minst byr arrangørane på endå fleire aktivitetar, ved stadionområdet og i Stordalshallen, enn nokon gong tidlegare.

For meir om alt det ein kan få oppleve og vere med på, viser vi til det flotte programmet (PDF, 2 MB), som no altså er slept. 

Om du vil kan du kose deg med tilbakeblikk på tidlegare folkefestar. Det er nok ikkje mange andre arrangement, som kan vise til så omfattande bildegalleri, filmsnuttar og anna, som nettopp Stordalscup.

Igjen oppmoder vi alle til å fylje med på Stordalscup si heimeside/facebookside. Her kan det nemleg vere lurt å halde seg 100% oppdatert på alt det som skal skje.

Sjølvsagt har fotballen ein sentral plass ei slik helg og også der registerer ein at det har vore ein suksess å flytta fram arrangementet eit par helgar i høve til tidlegare. Påmeldinga ser nemleg også ut til å bli særs høg. I dag tidleg var talet kome opp i 70 påmeldte lag. Det betyr at det er kome til 10 nye lag berre i løpet av dei to siste dagane det! For lag som evt enno ikkje har meldt seg på, byrjar det dermed no å haste. Dette har også med at oppsettet på kampane, vil bli presentert med det aller første. Her kan du melde deg på!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove