Programmet klart!

Då er programmet for Barnas Supersommar sendt ut og også denne gongen er det mykje kjekt å vere med på. Legg merke til at det for ein del av aktivitetane er påmelding og dermed vil det nok vere lurt å vere om seg. Som vanleg er det gratis å vere med!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.06.2013
Logo - Barnas kommune
Logo - Barnas kommune

Barnas kommune sine aktivitetstilbod dei siste sommarane, har verkeleg vore populære og no er vi altså klare med eit nytt og innhaldsrikt program. Her bør det absolutt vere noko for ein kvar smak og legg merke til at ein også denne gongen har fått med mange dyktige instruktørar. Som vanleg er det også ei rad flotte arrangement. Legg også merke til at ein har fått på plass fleire aktivitetstilbod som ikkje har vore med tidlegare! Både DJ-kurs, frisbeegolf, tae kwon do, folkedans og fotballskule, er døme på dette.

Nytt av året er det også at det vert SommarTRØKK laurdag 22. juni! Det er oppretta ei hending på facebook og ser ein på det som skal skje, er det ikkje vanskeleg å skjøne at dette blir bra. Legg mellom anna merke til dei mange gruppene, frå heile distriktet, ein vil få oppleve på scena. I tillegg vil DJ Rabben også syte for å få opp stemninga. 

Sjå heile programmet for Barnas Supersommar, som pdf-nedst på sida.

Sjå også vår tidlegare førehandsreportasje, der vi også har teke med lenker til tidlegare reportasjar

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove