Fotograf: Bjørnar Midtbust
Dette unike oversiktsbildet av arrangementsområdet er teke av Bjørnar Midtbust, frå Fjelladalsvarden. Legg også merke til at markane rundt om er i ferd med å fyllast med bilar! fotograf Bjørnar Midtbust
Fotograf: Hallgeir Hove
Unge songtalent på utescena, var noko av det ein kunne få med seg på cupfredagen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mange spanande kampar under Stordalscup. Her frå kampen mellom Stordal og Brattvåg i klasse J 16 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Hoppbakken til skiforbundet var ein av dei nye attraksjonane denne gongen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stinn brakke i Stordalshallen, med m.a. ei rad standar, loppemarked, enormt kakebord, møbelauksjonar, resultatservice på flatskjerm, kulturinnslag og klatring fotograf Hallgeir Hove

Publikumsrekord, nok ein gong!

Ein ny suveren folkefest er vel i hamn og mykje tyder på at deltakinga i løpet av dei tre dagane, var høgare enn nokon gong. Under den 34. utgåva av Stordalscup opplevde ein også noko så uvanleg som nedbør - og det endåtil i form av hagl! - utan at dette såg ut til å sette nokon dempar på arrangementet. Nok ein gong kan dei hundrevis som stiller opp sjå attende på ein særs vellukka Stordalscup. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 02.07.2014

At Stordalscup er ein folkefest, er det ingen tvil om. I tillegg til dei nærare 1 000 born og unge i sving ute på kunstgraset, valfartar nemleg også tusenvis av andre til Kirkebø Stadion og Stordalshallen i løpet av cuphelga. Ja, truleg vart det sett ny publikumsrekord også denne gongen. Når alt av markar i eit stort område rundt stadion og skulen, var full av bilar, tydar mykje på dette. At over 700 fekk med seg utedansen der Stordal Dansebandforening stod på scena, bidreg også til at ein har grunnlag for å hevde slikt. Dermed er det grunn til å tru at talet samla sett, for heile helga, passerte 8 000, ja kanskje nærare 9 000?

Cupfredag
Tradisjonen tru starta folkefesten opp alt på fredagskvelden, med flotte innslag frå utescena der vi m.a. fekk sjå resultatet av Maria Holand Tøsse sitt songseminar. Det var også klart for å få oppleve borna ta i bruk det nye flotte dokketeateret som Bjørg Moltu ved biblioteket har fått laga. Kjempestilig! Dei to dyktige lokale banda; "Endgame" og "Jarm" var også i aksjon. Ute på kunstgraset sytte også Stordal IL sitt seniorlag for ekte cupstemning, då dei storspelte mot sine gjestar frå Sæbø.

For fleire bilder frå den kjekke cupfredagen, viser vi til eige bildegalleri på Barnas kommune si facebookside.

Laurdagen
Frå tidleg morgon og til langt ut på ettermiddagen, vart det spela kampar fordelt på 6 baner (4 sjuar og 2 femmar). Avviklinga gjekk knirkefritt og det utan forsinkingar av noko slag. Etterkvart som laga var ferdige med kampane sine vart diplom og pokal delt ut til alle spelarane. Innimellom kampane, kunne spelarane ta ein tur innom konkurranse-området på grusbana, der ein både kunne teste skuddstyrke og presisjonen. Minigolf var det også høve til å prøve ut. Hoppbakken, som Sindre Helland hadde fått på plass (lånt frå skiforbundet) var ein ny attraksjon og det var mange som var vågale nok til å prøve seg i denne og. Vi registerte også at Liabygda sitt store hopptalent, Rishi Vellupillai, var på plass for å gje råd til dei som ville teste ut. Sjølvsagt vart også Bergstrøms Tivoli besøkt og elles var det også mange som nytta høve til å få teste ut klatreveggen inne i Stordalshallen, der instruktørar frå klatreklubben stilte velviljug opp også denne gongen. 

Salet av grillmat gjekk også unna og dei mange salsbodene, kafeen, samt loppemarkedet, vart også flittig besøkt.

For fleire bilder frå laurdagen, viser ein til eige galleri på Stordalshallen si facebookside.

Utedans med Stordal Dansebandforening
Etter knallsuksessen under Stordalscup i fjor, var det all grunn til å vente at mange også denne gongen ville ha med seg cupdansen ved stadion. For eitt år sidan var 700 på plass og i år truleg endå fleire! Hadde det ikkje vore for at alle desse særs dugande musikarane er opptekne kvart med sitt, elles i året, ville dei garantert gjort det stort som danseband rundt omkring om dei satse på dette på heiltid. For ei stemning!

Søndagen
Kampavviklinga også denne dagen gjekk som smurt og om det var mykje folk på plass dagen før, var det endå fleire som vitja Stordalscup på søndag. Under delar av den siste dagen, var det noko så uvanleg som nedbør og ikkje berre i form av regn, men faktisk også ein real hagleskur som ei lita stund gjorde den elles så grøne matta kvit. For dei laga som var i sving då, vart dette naturlegvis ei heller kald oppleving, men då var det ekstra godt å kunne trekkje innomhus i etterkant. I Stordalshallen vart det naturleg nok "stinn brakke" og ekstra mange som fekk med seg standane og loppemarkedet der. Det vart også lange køar med born som ville nytte klatreveggen og mange sat "ringside" då Viggo Solum formidla litt av kvart frå Alf Prøysen.

For fleire bilder frå søndagen, viser ein til eige galleri på Stordalshallen si facebookside.

Umiddelbart etter at dei siste kampane var ferdigspela og dei siste spelarane hadde fått sine vel fortente premiar, var det klart for nedrigging og opprydding. Dette vart utført på like imponerande måte som før, der hundrevis var med. Ein ny imponerande innsats frå særs mange, ja truleg var godt over 1/4 av kommunen sine innbyggjarar med for å lage til folkefesten også denne gongen. Slå den! 

Flotte reportasjar!
Både i forkant, og no i etterkant, har arrangementet fått god dekning i lokalavisene. Bygdebladet hadde fleire sider både om Stordalscup og mykje anna stordalsrelatert stoff i si avis sist onsdag og fyl opp med super reportasje også i dagens utgåve. Også Sunnmørsposten har via ei heil side til å dekkje Stordalscup i dag og hadde også flott førehandsreportasje på nettsida si. Venteleg vil også Storfjordnytt fylje opp, når dei kjem med si avis i morgon.

Eit tilbakeblikk på tidlegare års cup-arrangement kan også vere kjekt å få med seg. I våre førehandsreportasjar finn ein mykje meir om dette.

Kjekt vil det også bli å få sjå filmen som Frode Færøy truleg har klar med det aller første. Mange har nok også fått med seg dei stilige oversiktsbileta som Bjørnar Midtbust tok frå Fjelladalsvarden og rett ned på arrangementsområdet.

Vi gratulerer arrangørane, med cupgeneral Bjørg Jacobsen i spissen, for eit nytt suverent arrangement! Ikkje rart at Stordalscup er høgdepunktet for mange og at dei som har opplevd dette eventyret, vil attende år etter år.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove