Rekord i år igjen!

Helselagsbasar 2018 - Klikk for stort bildeHelselagsbasar 2018 Hallgeir Hove

Mykje tyder på at det vart sett rekord også denne gongen. Vi snakkar sjølvsagt om helselagsbasaren avvikla i Stordalshallen i kveld. Arrangørane fortel at dei trudde dei hadde sett ut rikeleg med bord og stolar, men like fullt måtte dei til med å bere til endå meir, etterkvart som klokka nærma seg 18.00. Ikkje minst snakkar vi altså om rekord, med tanke på det som kjem inn av inntekter.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.04.2018

Helselagsbasar 2018 - Klikk for stort bildeHelselagsbasar 2018 Hallgeir Hove Helselagsbasar 2018 - Klikk for stort bildeHelselagsbasar 2018 Hallgeir Hove Helselagsbasar 2018 - Klikk for stort bildeHelselagsbasar 2018 Hallgeir Hove Helselagsbasar 2018 - Klikk for stort bildeHelselagsbasar 2018 Hallgeir Hove

I vår førehandsreportasje var vi m.a. inne på at bruttoresultatet i fjor var på utrulege 90.000 kroner! Då er det i seg sjølv, rimeleg utruleg at det skal vere mulig å få inn endå meir denne gongen. Men mykje tyder altså på det.

Alle stiller på, når helselaget arrangerer basar, anten det no er i form av å gje flotte gevinstar - slik både det lokale næringslivet og veldig mange enkeltpersonar er så flinke til - eller det er å kjøpe lodd både på bøkene og på årane.

Stiller på gjer også Stordal Hornmusikklag, slik dei har gjort det så langt tilbake som vi kan hugse og lengre enn det og.

Har du først fått med deg eit slikt arrangment, ja så vil du gjerne tilbake kvart einaste år, uansett om det vert gevinst eller ei.

Når ein i tillegg veit kor mykje godt som kjem ut av dei pengane helselaget klarer tjene inn takka vere alt dette, ja så er det berre ein stor fryd, heile greia!

Heilt til slutt oppmodar vi om at du tek eit lite tilbakeblikk på tidlegare reportasjar om helselaget vårt, dei/vi har nemleg ikkje så reint lite å vere stolte av.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove