Lat oss dvele litt med dette med deltakinga. Grafen vi legg ved viser kvar vår kommune ligg, samanlikna med tall for Møre og Romsdal og tall for heile landet vårt. Vi har tidlegare også peika på at det er nettopp i Stordal kommune at deltakinga er høgast og denne grafen (presentert som bilde her) viser dette relativt godt.
Vi har tildlegare også sett fokus på at Stordal kommune, i løpet av ein periode på sju år, var representert i det vi kan kalle landsfinalen av UKM, heile fem gongar!
I vår førehandsreportasje i 2012, var vi inne på dette -at Stordal verkeleg er ei UKM-kommune!
Men no rettar vi fokus på det som skal skje på søndag og då kan det vedlagte programmet vere det beste "beviset" på at dette kjem til å bli bra! Sjå dette som pdf, nedst på sida!
Rett før vi det var sett sluttstrek for påmelding, kom ytterlegare fleire med! Legg no gjerne merke til at det blir heile 9 innslag frå scena og endå fleire "innslag" på kunstutstillinga!
Sjå gjerrne også vår tidlegare førehandsreportasje som viser at arrangørane i 10. klasse er klare til å ta imot dykk!