Fotograf: Hallgeir Hove
10. klasse ved Stordal skule er klare til å gje oss ei kjempeoppleving på søndag! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: UKM
Jenny Langlo talar varmt om UKM og oppmodar alle til å delta fotograf UKM
Fotograf: Hallgeir Hove
Det er folksamt i Stordalshallen, også når lokalmønstringane går av stabelen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Her ser vi alle deltakarane og programleiarar samla på scena i fjor fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Slik såg scena ut i 2012 fotograf Hallgeir Hove

Rekordstor lokalmønstring på søndag!

Søndag 16. februar er det endeleg klart for ny lokalmønstring av UKM her i Stordal! Som vanleg er det i Stordalshallen det skjer og det er også i år 10. klasse ved Stordal skule som står som arrangør. Det er rekordstor påmelding og vi er så heldige at også Norddal kommune sine deltakarar vert med på mønstringa her.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 12.02.2014

Når vi ser på lista over dei som er påmeldte, ser ein at det er heile 14 sceneinnslag denne gongen! I tillegg er det fem ungdomar som stiller på i kategorien kunst og sist men ikkje minst skal vi også få oppleve ein eigen musikkvideo! På UKM si nettside kan du finne ut mykje meir om kven det er som skal delta, både frå Norddal og Stordal kommune. Dette kjem til å bli kjempeflott, det er det ingen tvil om!  

Lokalmønstringane i Stordal er verkeleg flotte arrangement og i tillegg til alt det ein kan gle seg til å få oppleve, vert det også denne gongen eit makelaust kakebord og når det heile skal skje i idrettshallen vil det bli god plass til å kose seg med både kaker, kaffe og anna godt.

No er det faktisk endå meir kjekt å få med seg i Stordalshallen denne søndagskvelden. I tidlegare reportasje har vi nemleg fortalt om markringa av grunnlovsjubileet og om prosjektet kalla "Drømmer for Norge." Etter planen skulle det også vere fakkeltog og vardebrenning, men pga den lange perioden utan nedbør, tek ein ikkje sjansen på å gjennomføre den delen av arrangementet.

Arrangørane har sjølvsagt oppretta ei eiga hending på facebook, der ein kan finne endå meir informasjon om arrangementet. I tillegg er dette også ei unik muligheit til å få gitt beskjeden vidare til alle du trur vil ha glede av å få med seg den flotte mønstringa. Det er berre å gå inn på hendinga og klikke deltek folkens! Det neste du så gjer, er å dele hendinga på veggen din og i tillegg kan du, som nemnt også invitere vennane dine direkte. Både dei flinke arrangørane og dei mange som skal delta, fortjener verkeleg at vi alle er med og bidreg til at det vert "stinn brakke" på søndag!

I mange tidlegare reportasjar, har vi fått fram kor sterkt også UKM står i Stordal kommune, med m.a. heile fem deltakarar heimehøyrande i Stordal med i Landsfinalen, berre i løpet av ein sjuårs periode! Fyl lenkene i vår tidlegare førehandsreportasje, og du vil sjå kven desse er. I tillegg kan du, på ny, late deg imponere over dei mange flotte lokalmønstringane dei siste åra.

På søndag den 16. februar kan vi altså glede oss over å få oppleve nærare 50 born og unge, frå kommunane Norddal og Stordal folkens! (Ja, faktisk kjem dei også frå endå fleire kommunar, då ein del av gruppene som skal i aksjon har deltakarar også frå våre nabokommunar Stranda og Ørskog)

Dørene opnar kl 17.30 og på vegne av arrangørane og dei rekordmange deltakarane, har vi gleda av å ynskje dykk alle, hjarteleg velkomne til ei stor oppleving på søndag! 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove