Blåtur på fredagen
For dei 35 eldste i dette korpset, som altså tel 109 medlemmar, starta øvingshelga på fredagskvelden. Dette var lagt opp som ein slags blåtur for deltakarane og når dei kom til Stordalshallen var det klart for klatring, skyting, team-track, minigolf, skuddlaser, presisjonskast m.m. Dei var inndelt i fem grupper, slik det vart høve til å køyre gruppekonkurranse i skyting, minigolf og presisjonskasting. Med Eli Søvik og Lottie Eisma frå klatreklubben, saman med underteikna gjekk det greit å få det til slik at alle saman rakk opp til fleire turar til topps i klatreveggen. På skytebana tok Jostein Myrvang og Nils Jørgen Ringset frå Liabygda skytterlag hand om instruksjonen.
Etter at aktivitetsopplegget var ferdig og vi hadde fått god hjelp til å få på plass alt utstyret vi hadde nytta, gjekk dei dyktige ungdomane i gong med matlaginga. Fellesmåltidet i grendasalen etterpå smakte nok ekstra godt, etter all aktiviteten og ikkje minst når maten var tilberedd av slike meisterkokkar!
Endå fleire på laurdagen!
Om lag kl 10.00 laurdagen kom det så ytterlegare 60 musikantar til og desse vart raskt fordelte på ulike øvingsrom og utover laurdagen vart det køyrd øvingar og pausar om ein annan til langt ut på ettermiddagen. Fellesmåltidet i grendasalen gjekk veldig greitt også denne kvelden og innimellom alt anna, kunne deltakarane "boltre seg" inne i idrettshallen. Det vart også lagt opp til eiga volleyballturnering utpå kvelden og dette var litt av ei turnering! Siste kampane var ikkje ferdig avvikla før kl var nærare halv tre om natta! Og sjølvsagt var dei vaksne med med eige lag. Ein kunne sjølvsagt ikkje gje seg før alle hadde fått spela mot dei vaksne!
Meir øving og konsertar
Sjølv om det hadde vore aktivitet til seint på natt, var dei første oppe alt kl 0700 dagen etter og frokosten vart effektivt avvikla, før det var klart for meir øving. Øvingshelga vart avrunda med at både dei eldste og dei yngste køyrde konsert for dei mange foreldra som var til stades.
Ein suverén gjeng!
Åse Skolekorps viste seg vere ein alldeles suveren gjeng med både vaksne og unge. Det er nok ikkje tilfeldig at dette korpset kan sjå attende på fleire Norgesmesterskap og det er nok heller ikkje utan grunn at dei tel godt over 100 medlemmar.
Imponerande, rett og slett!
Les gjerne også førehandsreportasjen vår!
Vi kjem attende med endå fleire bilder frå øvingshelga i galleriet vårt etterkvart!