Rekordstort konfirmanttreff!

Konfirmanttreff 2018 - Olav Rønneberg i front og som vanleg med stilfull t-skorte - Klikk for stort bildeKonfirmanttreff 2018 - Olav Rønneberg i front og som vanleg med stilfull t-skorte Hallgeir Hove

Sist laurdag var det nytt konfirmanttreff i Stordalshallen og dette var den fjerde utgåva, der deltakarane kom frå kommunane; Skodje, Ørskog og Stordal. Denne gongen var det nærare 100 med totalt sett, når vi tel med alt frå årets konfirmantar, tidlegare konfirmantar, foreldre og instruktørar.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.10.2018

Konfirmanttreff 2018 - Olav ynskjer velkomen og i bakgrunnen det flotte motivet på t-skjorta hans - Klikk for stort bildeKonfirmanttreff 2018 - Olav ynskjer velkomen og i bakgrunnen det flotte motivet på t-skjorta hans Hallgeir Hove Konfirmanttreff 2018 - KRIK organiserte mange kjekke aktivitetar i idrettshallen - Klikk for stort bildeKonfirmanttreff 2018 - KRIK organiserte mange kjekke aktivitetar i idrettshallen Hallgeir Hove Konfirmanttreff 2018 - Klikk for stort bildeKonfirmanttreff 2018 Hallgeir Hove Konfirmanttreff 2018 - flott gjeng!  - Klikk for stort bildeKonfirmanttreff 2018 - flott gjeng! Hallgeir Hove

Som tidlegare år, var det oppmøte i Stordalshallen og det heile starta med ei orientering frå hovedansvarleg for treffet, kateket Olav Rønneberg, før konfirmantane vart fordelte utover på dei mange ulike "stasjonane" der også Stordal skule som vanleg vart nytta. Men sjølvsagt måtte vi ha fellesbilde først. Denne gongen var det berre så vidt vi fekk plass til alle, på bildet.

Tradisjonen tru vart det også karbonadar på alle, men denne gongen valgte ein å droppe grillinga ute av forståelege grunnar. Men med dyktige medhjelparar gjekk det greit å få steikt opp alle karbisane også på kjøkkenet i Stordalshallen.

Det som var litt spesielt denne gongen, var at ein hadde klart å få på plass både konfirmanttreff og treningssamling for Aksla sitt J 13 - lag i handball. Dette vart løyst ved at handballjentene drog til Valldal og klatreparken der, medan konfirmanttreffet pågjekk (frå kl 12.00 til kl 17.00). Laget var veldig takknemlege for at dei fekk kome, sjølv om det altså skulle vere konfirmanttreff på laurdagen og vårt inntrykk er at dette fungerte veldig godt. Samlinga var ei erstatning for ei turnering som vart avlyst på kort varsel og dermed var det litt flaks at det let seg gjere å kombinere desse til hendingane. Etter det vi forstod var det minst like kjekt å vere i Stordalshallen, som å delta på turnering.

I og med at dette var den fjerde utgåva av konfirmanttreff i Stordal, kan vi kanskje hevde at det er i ferd med å bli ein tradisjon dette og. Vi er glade i slike tradisjonar her, som kjent. Neste helg er det t.d. klart for den 11. utgåva av Stordalssamlinga i langrenn og då med deltakarar frå heile skikretsen vår. Sjå gjerne reportasjen frå i fjor

Sjå sjølvsagt gjerne også våre reportasjar og bilder, frå dei tre første konfirmanttreffa i Stordalshallen

Her er nokre bilder til frå konfirmanttreffet sist laurdag

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove