Rempro AS klar for vinnarlaget!

Rempro AS er lokalisert i idylliske omgivelsar i Liabygda - Klikk for stort bildeRempro AS er lokalisert i idylliske omgivelsar i Liabygda

Då har vi gleda av å presentere nok ein ny samarbeidspartnar og denne gongen skal vi ikkje lengre enn til Liabygda når vi kjem til dette med lokalisering. Det er nemleg dette som er besøksadressa til Rempro AS. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 25.02.2019

Rempro AS - ikkje noko å seie på utsikta vidare innover i Storfjorden heller - Klikk for stort bildeRempro AS - ikkje noko å seie på utsikta vidare innover i Storfjorden heller Rempro AS - Klikk for stort bildeRempro AS Rempro AS - i 2016 starta verksemda også opp produkjson av kraftstolpar i kompositt - Klikk for stort bildeRempro AS - i 2016 starta verksemda også opp produkjson av kraftstolpar i kompositt Rempro AS  - Klikk for stort bildeRempro AS

For dei som ikkje er så godt kjend med denne verksemda, med sine 9 tilsette, kan vi trygt slå fast at den både er spanande og suksessrik.

Rempro AS har sidan 2004 vore leiande leverandør av komposittprodukt og har satsa stort på utvikling og innovasjon.  Verksemda har ei stor sortimentsbreidde og har kundar m.a. innan havbruk, infrastruktur, kraft, elektro og landbruk. Det er dei som leverer merkestakane til kystverket og signalstolpar til Jernbaneverket for å gje eit par dømer. I 2016 starta Rempro også opp med å produsere kraftstolpar i kompositt. Takka vere moderne teknologi og spesialutstyr, er dei både fleksible og tilpasningsdyktige og dei spesialtilpassar og optimaliser produkta etter kundens ynskje.

Rempro AS vart kåra til Gasellebedrift både i 2015 og 2016.

 

Les meir på www.rempro.no eller søk opp Rempro på facebook.

 

Vi ynskjer Rempro AS velkomen med på vinnarlaget vårt!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove