Særs gjevande markering av Verdsdagen!

Verdensdagen for psykisk helse, 6. okt 2016 - Klikk for stort bildeVerdensdagen for psykisk helse, 6. okt 2016 Hallgeir Hove Torsdag 6. oktober vart Verdensdagen for psykisk helse markert i Stordalshallen. Det var som vanleg godt frammøte og vi føler oss viss på at ingen angra på at dei sette av tid til å få med seg dette. Ikkje minst den sterke historia Sigurd Groven hadde å fortelje oss, gjorde verkeleg inntrykk.   

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.10.2016

Verdensdagen for psykisk helse 6. okt 2016 - Klikk for stort bildeVerdensdagen for psykisk helse 6. okt 2016 Hallgeir Hove Verdensdagen for psykisk helse, 6. okt 2016 - Klikk for stort bildeVerdensdagen for psykisk helse, 6. okt 2016 Hallgeir Hove Verdensdagen for psykisk helse, 6. okt 2016 - Klikk for stort bildeVerdensdagen for psykisk helse, 6. okt 2016 Hallgeir Hove Verdensdagen for psykisk helse, 6. okt 2016 - Klikk for stort bildeVerdensdagen for psykisk helse, 6. okt 2016 Hallgeir Hove Årets tema var  "...fordi livet forandrar seg..." og kva passa vel då betre enn å få Sigurd Groven på besøk. Sigurd er fembarnsfaren, fysioterapeuten og eigaren av Fysiotrimmen på Ørskog, som brått fekk snudd livet på hovudet då han blei utsett for ei sykkelulykke og blei lam frå livet og ned. Det er kanskje ikkje vanskeleg å forstå at dette vart eit sterkt og følelsesladd foredrag dette her, når Sigurd delte med oss det han hadde vore gjennom. Særs imponerande var det også å høyre meir om korleis han - med enorm støtte også frå sine næraste - var fast bestemte for at livet skulle halde fram mest mulig som før, når først ulukka råka dei. Dette er verkeleg noko som set ting i perspektiv, om ein kan seie det på det viset. Stor takk til Sigiurd for at han stilte opp og delte den sterke historia med oss! 

Dei kulturelle innslaga for kvelden, var det bilblioteksjef, Bjørg Moltu som stod for. Ho framførte fleire dikt, m.a. eit veldig vakkert eit, skrive av ho sjølv som m.a. handla om forandringar i livet. I tillegg eitt skrive av Marie Takvam. Ho song også visa; «Har du fyr» av Ola Bremnesog då med ektemannen Magne Staurset som akkompagnatør. Kjempeflott! Som avslutning las ho diktet «Det er den draumen me ber på» av Olav H. Hauge. Eit dikt som nyleg er kåra til Norges beste. 

Programleiar for kvelden, var Ingrid Løset frå Mental Helse Stordal.

Markeringa av Verdensdagen for psykisk helse i Stordalshallen, var eit samarbeid mellom: Mental Helse Stordal, God Helse, frivilligsentralen og biblioteket.

Sjå også fin reportasje på Mental Helse Stordal si nettside

For fleire bilder frå foredraget/markeringa, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove