Fotograf: Hallgeir Hove
Godt oppmøte også på det andre folkemøtet i regi av Vekst i Stordal fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Leiar for styringsgruppa, Olav Bratland, introduserer prosjektleiar Harald Espeland fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Espeland hadde mykje spanande å orientere om fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Utdeling av diplom til ny Vekstvenn, vart det og. Harry Tøsse (Stordal Alpinsenter AS) og Johan Arnt Overøye (Arena Overøye AS) mottek diplom som synleg bevis for at dei har skapt ein ny arbeidsplass fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Til liks med folkemøtet i mars 2014, var det stor aktivitet også under gruppearbeidet og mange ny og spanande idear vart presenterte fotograf Hallgeir Hove

Særs positivt "vekst-møte!"

Torsdag den 22. januar var det klart for det andre folkemøtet i regi av Vekst i Stordal. Denne kvelden skulle det både gjerast opp status, etter at ein er ferdig med om lag eitt år av prosjektperioden og vidare skulle ytterlegare nye idear myldrast. I etterkant av møtet, har prosjektleiinga all grunn til å vere nøgd med resultatet.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.02.2015

Det var ein rett så tilfreds leiar i styringsgruppa, som kunne ynskje dei frammøtte velkomen til folkemøte, denne torsdagskvelden. Ikkje berre var det særs gledeleg at det var godt over 40 engasjerte stordalingar på plass, men i tillegg hadde Bratland også gleda av å introdusere Harald Espeland for forsamlinga. Espeland er nemleg prosjektleiar og mykje tyder på at styringsgruppa verkeleg har klart å få rett person på plass i denne krevjande og utfordrande jobben.

Espeland tok oss med på ei orientering der vi fekk vite at det aller meste av det som kom fram under idedugnaden sist vinter, er blitt jobba vidare med og i tillegg kom han nærare inn på fleire prosjekt. I tillegg til dette - og forståeleg nok - er der også mykje han enno ikkje kan gå ut med, nettopp fordi det framleis er det ein kan kalle "forretningshemmeligheiter".

Han orienterte vidare om "Vekstvenn-opplegget" sitt, der det vert delt ut diplom til verksemdene i Stordal, etterkvart som dei skaper arbeidsplassar. Vi har tidlegare skrive eigen reportasje om dette. Også under folkemøtet kunne Espeland dele ut diplom. Denne gongen til Arena Overøye AS og Stordal Alpinsenter AS, som saman har tilsett ein person som skal jobbe på heiltid med å profilere Øvre Stordal og alle dei fantastiske muligheitene der. Målet er at Øvre Stordal skal kunne bli ein destinasjon på linje med Hemsedal, Geilo og andre vintersportstadar. Det er Frode Færøy, med lang erfaring frå arbeid med marknadsføring, som er tilsett i stillinga. Han er godt i gong med arbeidet alt, og noko av resultatet kan ein registrere på eiga, nyoppretta nettside. Også sosiale media vert flittig brukt for å få ut info om alt ein kan oppleve i nettopp Øvre Stordal.  

I tillegg til at det vart mykje fokus på Øvre Stordal denne kvelden, kom ein også i stor grad inn på muligheitene for utvida næringsverksemd på Dyrkorn. Mange spanande idear kom fram og Espeland tok vare på dei, alle som ein.

Prosjektleiar Espeland kan konstatere at ein stadig nærmar seg målet om 75 arbeidsplassar. Det er no 20 registrerte nye arbeidsplassar på lista hans, etter at ytterlegare ein vekstvenn kom på plass nyleg.

På spørsmålet frå Olav Bratland, der han lurte på om forsamlinga syntest det var bra med slike regelmessige møter, undervegs i prosjektet, var tilbakemeldinga frå salen unison.

Etter to slike vellukka møter der engasjementet og oppmøtet har vore så bra, og med så mykje spanande på gong, er det all grunn til å hevde at dette prosjektet verkeleg er kome godt i gong.

Så blir utfordringa å halde "trøkket" oppe også vidare, men med så mange engasjerte personar, ei slik styringsgruppe og ein så dugande leiar for prosjektet, tyder mykje på at ein skal lukkast med nettopp det.

Les meir om prosjektet også i våre tidlegare reportasjar.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove