Særs vellukka jubileumsfest!

Stordal IL 100 år - jubileumsfest 20. oktober 2018 - Klikk for stort bildeStordal IL 100 år - jubileumsfest 20. oktober 2018 Hallgeir Hove

Stordal IL sin jubileumsfest sist laurdag, var på alle måtar vellukka. Her var det helsingar frå både statsminister og skipresident og fleire med dei, storslagne gåver - ikkje minst frå Sparebanken Møre som overrekte sjekk på kr 500.000! Ein suveren revy, med m.a. avansert presentasjon av film og bilder, mat av ypperste merke, god lyd og med Stordal Dansebandforening i storslag.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.10.2018

Stordal IL 100 år - jubileumsfest 20. oktober 2018 - Klikk for stort bildeStordal IL 100 år - jubileumsfest 20. oktober 2018 Hallgeir Hove Stordal IL 100 år - jubileumsfest 20. oktober 2018 - Klikk for stort bildeStordal IL 100 år - jubileumsfest 20. oktober 2018 Hallgeir Hove Stordal IL 100 år - jubileumsfest 20. oktober 2018 - Klikk for stort bildeStordal IL 100 år - jubileumsfest 20. oktober 2018 Hallgeir Hove Stordal IL 100 år - jubileumsfest 20. oktober 2018 - Klikk for stort bildeStordal IL 100 år - jubileumsfest 20. oktober 2018 Hallgeir Hove

Det heile starta med helsing frå sjølvaste statsminister Erna Solberg og så fekk vi i tur og orden helsingar frå våre gode nabo-idrettslag (Ørskog, Liabygda, Valldal, Eidsdal og Norddal), frå skikrets, idrettskrets, fotballkrets og sjølvsagt frå vår eigen ordførar. Også skipresident Erik Røste var blant gratulantane. Programleiar og leiar av arrangementskomiteen, Charles Tøsse, losa oss proft gjennom heile jubileumsfesten og spesielt den eine filmsnutten han kunne vise oss på storskjermen hausta naturlegvis ekstra stor applaus blant publikum. Bente Nakken er banksjef her i Stordal og då sjølvsagt i Sparebanken Møre. I og med at ho var forhindra i å vere med på sjølve festen, fekk vi sjå eit filmopptak på storskjermen, der ho overrekte gåvesjekk til leiaren i Stordal IL, Helga Øverbust. No var ikkje dette kva som helst slags gåvesjekk, på denne stod det nemleg kr 500.000,-. Enkelt og greitt, heilt fantastisk!

Revyen vi fekk oppleve frå scena denne kvelden, var også av ypperste merke og takka vere satsing på det tekniske og med proffe folk som Ole Christian og Martin Hove ved roret, godt hjelpne av Tor Christian Solevågseide (Gomerhuset) og Sturla Stavseng (Ørskog Videoklubb), fungerte dette heilt perfekt for publikum uansett kvar dei sat i idrettshallen. Skulle ein få plass til alle, ja så måtte heile hallen takast i bruk og då blir det fort eit stykke fram til scena for dei som sit bakerst. Men ny prosjektor og nytt motorisert lerret, innkjøpt av Stordalshallen, vart det skarpt og godt bilde uansett kvar ein sat. Og med ikkje mindre enn fire kamera innlånt, og med mykje privat utstyr som Ole Chr og Martin hadde med i tillegg, vart dette endå betre. Stor takk også til Gomerhuset og Ørskog Videoklubb for lånet. All denne teknologien og ekspertisen gjer også at ein har flotte filmopptak, som vil kome til god nytte når eigen film frå festen skal lagast.

I forkant av festen var det knytt stor uvisse til kva som skulle stå på menyen på sjølvaste 100 årsfeiringa. Leif Rune Vinje og dei andre karane i matkomiteen hadde vore både i Nørdalen og nede ved sjøen, utan at vi vart særleg klokare på kva dei enda opp med. Når "Silver Bullet" - alias Lars Johan Nygård - entra scena og fortalte at det var Sushi som stod på menyen virka det som at det heile var avklara. Men matkomiteen jaga Lars Johan ned frå scena og kunne avsløre at det var sosakjøt tilberedt av highlander-okse levert av Sander van Zwieten arrangørane hadde å by på. Ikkje nok med det, i tillegg var det dessert levert av Storfjord Iskrem. Sjølvsagt spesiallaga for anledningen og sjølvsagt i fargane gult og raudt. Eit eventyrleg måltid! Her var m.a. også ein heil gjeng med yngre fotballspelarar - i drakter sjølvsagt - med på å servere. God organisering også elles, bidrog til at dei nærare 400 gjestane fekk maten sin på ein blunk.

Når maten var unnagjort, held det fram med meir revy frå scena og så var det klart for å få oppleve Stordal Dansebandforening på scena igjen, når dei spela opp til dans. Stordal Dansebandforening er musikarar av ypperste merke og heldige er dei som får vere med der dei opptrer. Det går nemleg fleire år mellom kvar gong det passar for dei å kome saman og opptre i lag. Etter dansen i Stordalshallen sist laurdag, trur vi at det kjem til å bli eit folkekrav at dei ikkje gjer som antyda i forkant, nemleg å gje seg. Lasse Døving var leigd inn for å ta hand om lyden og det er nesten overflødig då å nemne at også det funka perfekt. I tillegg hadde arrangørane også satsa ekstra på dette med lyseffektar, noko som også bidrog til at heilheita vart - om mulig - endå betre.

No kunne vi skrive side opp og side ned om alt det flotte vi fekk oppleve - både på scena og elles - men vel å stoppe med dette, vel vitande om at meir og fleire sikkert budre vore nemnt. Det er vel også noko med at bilder seier meir enn ord. På Stordalshallen si facebookside har vi difor lagt ut 260 bilder frå jubileumsfesten.

Sjå gjerne også våre førehandsreportasjar

Sjå gjerne også opp att føljetongen, der matkomiteen i 6 episodar jaktar på jubileumsmenyen

Vi gratulerer Stordal IL med ein fantastisk flott gjennomført jubileumsfest og takkar samtlige som på ulike måtar var med og bidrog til dette.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove