Fotograf: Hallgeir Hove
Super gjeng! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Team-track, trampoline, klatring, minigolf og presisjonskast fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Minigolf var eitt av innslaga i gruppekonkurransen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Gutane imponerte også i klatreveggen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Luftige svev på trampolina, der Steffen Staurset instruerte fotograf Hallgeir Hove

Særs vellukka samling for Aksla sitt G 2002 lag

20 gutar frå Aksla IL har gjennomført ei særs innhaldsrik treningshelg i Stordal. Frå laurdag kl 11.00 og til langt ut på ettermiddagen i dag, har det vore eit tettpakka program med ei rad ulike aktivitetar og sjølvsagt mykje fotball. Etter tilbakemeldingane å dømme har dei hatt det rett så flott.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.09.2013

Treningshelga starta med eit instruksjonsopplegg i Stordalshallen, der Eli Søvik og Kjell Mulelid tok seg av klatringa, medan Steffen Staurset instruerte på konkurransetrampolina. På team-track´n var underteikna på plass. I tillegg var det også lagt inn ein gruppekonkurranse i minigolf og presisjonskast av erterposar. Spelarane var inndelte i fire like store grupper, som fekk 30 minutt på kvar stasjon.

Etter at den omlag 2 timar lange økta var over, var det tid for lunsj. Sjølvsagt måtte gutane også få seg ein tur på "buda" for å handle seg bitte litt laurdagsgodt, men det var ikkje lange pausen, før det var tid for å køyre i gong den første økta med futsal. Denne pågjekk frå kl 14.00 til kl 15.30 og etterpå var det tid for frileik i hallen.

Det var også innlagt eigen konkurranse, der alle fekk teste skuddfoten mot laseren i Stordalshallen.

Kl 17.00 var så Ingrid Busengdal (FIS-løpar frå Stordal Alpin) på plass. Ho tok spelarane med på ei knallhard økt med hovudvekt på styrke og koordinasjon. Eit kjempeflott opplegg der gutane verkeleg fekk godt utbytte av den 1,5 timar lange økta.

Etter ein velfortjent dusj, gjekk så turen til Nilsgardstunet der vertskapet stod klar med taco-buffet. Etter det vi forstår smakte maten fortreffeleg og etter ei såpass lang fysisk økt, var det nok ekstra godt å kunne sette seg ned å nyte både maten og brusa. I løpet av opphaldet ved Nilsgardstunet gjennomførte dei også siste delen av gruppekonkurransen, som altså var Stordalshallen sin eigen Stordalsquiz. Då kunne også vinnarane av gruppekonkurransen samla sett også kårast. (dette var den gruppa som totalt sett hadde gjort det best i minigolf, presisjonskast og quiz)  

Vel attende til Stordalshallen, var det å finne fram soveposane og legge seg, etter ein rett så innhaldsrik dag.

Søndagen starta med frukost i grendasalen kl 10.00, etterfulgt av ei fotballtrening kl 11.00. Kl 13.00 var det tid for lunsj, før ikkje mindre enn to fotballkampar mot Stordal, stod for tur. Først spela dei ein (utsett) kamp mot Stordal 2002. Trass i at dei hadde vore med på mykje fysisk aktivitet, både dagen før og tidlegare på dagen i dag, såg ikkje dette ut til å verke inn på kvaliteten. Gutane spela flott fotball og gjekk av med ein komfortabel siger 6 - 1.

Kamp nr 2 i dag, gjekk over heile bana, 11 mot 11. Aksla møtte då eit Stordalslag samansett av spelarar som var både 11, 12 og 13 år. Stordalingane leia 2-0 til pause, men etter pausen kom Akslagutane sterkt og viste verkeleg bra spel. Denne omgongen vann dei 1 - 0 og dermed eit knepent tap mot mikslaget frå Stordal.

Trond Gulbrandsen, som hadde hatt hovudansvaret for å sy saman det heile, kunne konstatere at treningshelga i Stordal hadde fungert glimrande på alle måtar. Han kunne melde at alle hadde hatt det heilt supert og at dei gjerne ville kome tilbake også neste år. 

På vegne av alle oss som hadde gleda av å få vere saman med den kjekke gjengen frå Aksla IL, kan vi slå fast at det vil vere særs kjekt å få høve til å få dei på besøk igjen!

For mange fleire bilder frå opplegget i Stordalshallen, sjå eige galleri på Stordalshallen si facebook-side!

Takk for ei super helg saman!   



   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove