Fjord Fabrics
Ikkje noko å seie på val av naturomgivelsar, når ein først skal markedsføre verksemda!
Fotograf: Joachim Kroken Åsebø, Mørenytt
Framleis den same kjekke og serviceinnstilte gjengen! fotograf Joachim Kroken Åsebø, Mørenytt
Fjord Fabrics
Måtte berre ta med det vakre motivet ein gong til!

Scan Aprima har skifta til Fjord Fabrics

Vår gode samarbeidspartnar gjennom alle år, Scan Aprima, har gjennomført ei omprofilering og fått på plass ein ny markedsføringsplan. Etter 32 år vart den nye tittelen altså Fjord Fabrics, og ser ein på dei flotte naturomgivelsane m.a. nytta for å presentere den nye heimsida deira, så lovar dette godt.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 13.04.2016

Kva er vel betre enn å gje ordet til verksemda sjølv, slik dei får høve til å orientere oss alle om dei endringane dei no har fokusert på. Dette er henta frå nettsida til Fjord Fabrics: 

Scan Aprima AS skifter namn til Fjord Fabrics AS

I snart 35 år har Scan Aprima vorte ein større og større aktør i det norske møbel-og madrassmarkedet. 35 år har ført oss gjennom fleire periodar med naturlege og nødvendige endringar. No har vi komne til eit nytt vegskilje der vi tydeleg vil fortelje kven vi er, kvar vi kjem frå, kva vi står for og ikkje minst kva veg vi går vidare. Det er med stor spenning og glede vi no kan presentere vårt nye namn og profil.


Med nytt namn, profil og ny heimeside : www.fjordfabrics.no er vi fortsatt same folket og varene og er klare til å gi deg gode produkt og god service.

Sjå eigen reportasje om Fjord Fabrics på NRK Møre og Romsdal

Sjå også reportasje i avisa Mørenytt

Vi for vår del, ynskjer sjølvsagt Fjord Fabrics lykke til og ser fram til å få lov til å ha verksemda med på laget i mange år vidare framover!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove