Sertifisering av skilleveggar, trosserigg, sveivetårn og topptaufeste

Sertifisering av trosserigg og sveivetårn  - Klikk for stort bildeSertifisering av trosserigg og sveivetårn Hallgeir Hove

I går gjennomførte KIS si årvisse sertifisering av skilleveggar, trosserigg, sveivetårn og topptaufeste i Stordalshallen. Det er betryggjande å vite at dette utstyret vert sjekka og kontrollert kvart år, slik ein kan vere trygg på at det er i tilfredsstillande stand.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.08.2019

Sertifisering av trosserigg og sveivetårn  - Klikk for stort bildeSertifisering av trosserigg og sveivetårn Hallgeir Hove Sertifisering av topptaufeste, klatrevegg - Klikk for stort bildeSertifisering av topptaufeste, klatrevegg Hallgeir Hove Sertifisering av topptaufeste, klatrevegg - Klikk for stort bildeSertifisering av topptaufeste, klatrevegg Hallgeir Hove Sjekk på varmovnar i taket - Eldar Bakken, System-Electro AS - Klikk for stort bildeSjekk på varmovnar i taket - Eldar Bakken, System-Electro AS Hallgeir Hove

Det er altså KIS som utfører dette viktige arbeidet og for å kome til i taket, må dei ha lift tilgjengeleg.

Takka vere godt samarbeid og stor velvilje/fleksibilitet frå Busengdal Transport, kjem denne liften til og frå, på glimrande vis.

Når liften først var på plass, fekk Eldar hjå System-Electro AS også sjekka opp kring nokre av ovnane i taket i idrettshallen og Jøran og Bjørn fekk skifta ut defekte lysrør og tennarar. Ja, i tillegg til å få hengt opp eit par nye reklameskilt på 3 meter kvar også då.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove