Fotograf: Hallgeir Hove
Sertifisering juni 2016 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Sertifisering juni 2016 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Sertifisering juni 2016 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Sertifisering juni 2016 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Sertifisering juni 2016 fotograf Hallgeir Hove

Sertifisering og kontroll

I går hadde vi besøk av Ove Tomren frå Bravida og Peter K Beite frå KIS. Ein gjennomgong/kontroll av brannvarslingsanlegg, skilleveggar, sveivetårn, trosserigg, m.m. viser at alt er som det bør vere ved Stordalshallen, når det gjeld desse viktige områda. Men vi kan forbetre oss på fleire område.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.06.2016

At alt viser seg å vere på stell, i høve til desse årlege sertifiseringane, er sjølvsagt kjempebra, men likevel ikkje nok. Det er heile tida viktig å passe på at alle som nyttar Stordalshallen, faktisk fyl instruksane som er utarbeidd. Sjå denne som eige vedlegg nedst på sida her.

Det er på sin plass - nok ein gong - å peike på at alle som nyttar Stordalshallen, må hugse på å sjekke at handballmåla er skikkeleg festa til golvet! Dei skal skruast heilt fast med to boltar bake og i tillegg skal dei to boltane framme også festast i golvet! Det er altså IKKJE nok å skru boltane berre litt ned i golvet.

Så vil vi også minne om at alle som nyttar Stordalshallen sjølvsagt må låse etter seg, når dei forlet bygget. Dette gjeld ikkje minst også fotballaga som nyttar stadion og då også sjølv om det kanskje berre er gjestande lag som har nytta garderoba og ein har låst opp til dei. På same viset er det også på sin plass å minne om at vår reinhaldar ikkje kan stille opp etter kvar slik økt for å koste vekk gummigranulat, taperestar og brukte isposar. Ber difor om at dette vert skjerpa inn.

Dette vil naturlegvis også bli tema, når vi til hausten skal ha brukarmøte, men no er det presisert att - nok ein gong - også her.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove