Sjølvsagt Futsal-KM også i år!

Stordal IL har mange års erfaring med å arrangere KM i innandørsfotball, eller futsal som det no heiter. Frå fredag 1. t.o.m søndag 3. november, er det gutane i 19 års klassa som skal kjempe om KM-tittelen i Stordalshallen. Det vert garantert eit nytt arrangement av ypperste merke og garantert også ei rad med fartsfyllte og særs spanande kampar!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.10.2013
Fotograf: Vigdis Hove
Stordal IL gjekk til topps i Futsal-KM, klasse G 16 i fjor! Kan dei overraske også i klasse G 19? fotograf Vigdis Hove

Dei røynde arangørane i fotballgruppa i Stordal IL, kan sjå attende på ei rad flotte arrangement og mange av desse har vi tidlegare også laga reportasjar om. Om du vil kan du ta eit tilbakeblikk på mange av desse.  

På Sunnmøre Fotballkrets si heimeside kan du lese meir om dei mange KM-arrangementa og merk då også at fristen for å melde på lag, går ut den 15. oktober! (legg gjerne også merke til det flotte bildet av vinnarane av Futsal-KM i Stordalshallen i 2011, nemleg Volda!) 

I fjorårets KM i klasse G 16, tok Stordal IL sitt lag ein historisk - og kanskje også sensasjonell - førsteplass. Når det no skal kjempast om tittelen i klasse G 19, er det kanskje ikkje utenkjeleg at gutane frå arrangørklubben kan overraske igjen? Spanande vert det iallefall å fylje med på både dei og alle dei andre laga som kjem til å delta! 

Sett av tid til å få med deg fartsfyllte og spanande kampar i Stordalshallen første helga i november!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove