Fotograf: Hallgeir Hove
Nick Ost har all grunn til å vere stolt, når han byr på Stordal skulekorps fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stefan Bocken på plass igjen i Stordalshallen. Magisk! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Wouter Simoens er ein fantastisk pianist og i tillegg komponist. Han framførte m.a. sitt eige verk ”Cassiopeia" fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Søstrene Jenny Marita og Hanna Sørås har gleda oss mange ein gong frå scene og gjorde det igjen i samband med konserten sist helg fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Sjølvsagt vanka det vel fortente blomar til mange, avslutningsvis. Den som kanskje ikkje fekk og som absolutt fortjener det, var blomsterutdelaren sjølv, nemleg Hilde Dyrkorn! fotograf Hallgeir Hove

Sjølvsagt innfridde Stordal Hornmusikklag!

Konsertane til Stordal Hornmusikklag er alltid like suverene. Til konserten søndag den 16. november, hadde dei på ny fått med seg solistar i verdsklasse. Denne gongen fekk vi oppleve Stefan Bocken (klarinett) og Wouter Simoens (piano), begge frå Belgia. I tillegg imponerte verkeleg også skulekorpset og at dei to søstrene Jenny Marita og Hanna Sørås syng vakkert, er det ingen tvil i.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 25.11.2014

No var det endå fleire solistar i sving denne ettermiddagen, og då frå korpset og hornmusikken sine eigne rekkjer. Herdis Kamp (12 år) imponerer stadig med si vakre speling på tverrfløyte og det same gjer Arild Hove når han framfører sine soloar på saksofonen sin.

Det er vidare kjekt å kunne konstatere at det lydmessige også satt som det skulle og lyssettinga var også særs flott. Jan Roger Hauge og Roger Alne, tok hand om den biten.

Sist torsdag (20. november) hadde Storfjordnytt laga fin reportasje frå konserten og den vart også lagt ut på nettsida til avisa. Der finn du sjølvsagt endå fleire detaljar.

For meir om Stordal Hornmusikklag, og dei mange flotte konsertane deira, viser vi til vår førehandsreportasje

Sjå fleire bilder (37) frå den supre konserten, på Stordalshallen si facebook-side!

Det er berre å gratulere både Stordal Hornmusikklag og dei mange som elles var med og bidrog til denne suverene konsertopplevinga. 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove